Bambi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bambi
Bambi Logo Black.svg
RegiDavid Hand
Produsent(ar)Walt Disney
ManusPerce Pearce
Larry Morey
Vernon Stallings
Melvin Shaw
Carl Fallberg
Chuck Couch
Ralph Wright
Basert påBambi, A Life in the Woods Sjå dette på Wikidata
MedverkandeBobby Stewart
Donnie Dunagan
Hardie Albright
John Sutherland
Paula Winslowe
Peter Behn
Tim Davis
Sam Edwards
Will Wright
Cammie King
Ann Gillis
Fred Shields
Stan Alexander
Sterling Holloway
MusikkFrank Churchill
Edward H. Plumb
DistributørRKO Pictures Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato21. august 1942
Lengd70 min.
OpphavslandFlag of the United States.svg USA
SpråkEngelsk
Budsjett$858 000
Inntening267 447 150 US-dollar, 102 247 150 US-dollar Sjå dette på Wikidata

Bambi er ein amerikansk teiknefilm frå 1942 produsert av Walt Disney. Han hadde premiere den 13. august 1942. Filmen var den femte i rekkja av Disney-klassikarane og er basert på boka Bambi, A Life in the Woods av Felix Salten. Filmen vart ein av dei mest sette i 1942, midt under den andre verdskrigen. Musikken var komponert av Edward H. Plumb, og sangtekstane var skrivne av Frank Churchill.

Bambi vart gjenutgitt på kino i 1947, 1957, 1966, 1975, 1982, og 1988. Han vart utgjeven på video som VHS i 1989 og 1997, og digitalt reinsa for utgjeving på DVD den 1. mars 2005. Ein oppfølgjar til filmen laga for DVD, Bambi 2, kom ut i 2006.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Rådyrkalv.
Foto: James Lindsey
Ung amerikansk kvithalehjort.

«Bambi» er namnet på eit oppdikta hjortedyr som er hovudfiguren i to romanar av den austerrikske forfattaren Felix Salten (pseudonym for Siegmund Salzmann). Figuren er skildra i bøker og fleire filmar, best kjend frå teiknefilmane til Disney.

Soga om Bambi blei først fortald i Bambi, ein Leben im Walde som kom ut i 1923. Forfattaren, Felix Salten, var fødd Siegmund Salzmann i Budapest men hadde vakse opp i Wien. Boka skildra oppveksten og utfordringane til rådyrkalven Bambi. Boka blei omsett til engelsk i 1928.[1] Ho er også omsett til norsk fleire gonger, av André Bjerke i 1949 og Halldis Moren Vesaas i 1966.[2]

I 1942 blei laga filmen Bambi som vart tufta på den boka til Salten. Handlinga vart flytta frå Europa til Amerika, Bambi blei blitt til ein kvithalehjort, og filmen var gjort meir koseleg og mindre brutal enn boka. Filmskaparane la vekt på å gjera dyra naturtru, og teiknarane høyrde foredrag, vitja dyrehagen i Los Angeles og hadde levande hjortekalvar henta inn frå Baxter State Park i studio. I bakgrunnsteikningane av skogen er vorte gjenskapt realistisk med blad som fell, og årstidenes gong. Filmen var produsert på det same høge budsjett som var nytta på Snehvit og de syv dvergene og Pinocchio. Han vart ein kraftanstrengelse på toppen av dei økonomiske problema som Pinocchio og Fantasia hadde skapt, og Disney sjølv vart i dårleg humør. Til trass for problema var prosjektet gjennom, og sala til filmen dekt omkostningene.

Det blei også laga sovjetiske filmar om Bambi. Detstvo Bambi («Barndommen til Bambi») og Junost Bambi («Ungdommen til Bambi») var filma med levande dyr og skodespelarar og gjeve ut i 1985 og 1986. Over 60 ulike dyreartar var med i desse to filmane. Salten skreiv ein oppfølgjar om barna til Bambi som kom ut omsett som Bambi's Children, The Story of a Forest Family i 1939 og på tysk som Bambis Kinder, eine Familie im Walde først året etter.

Verknad[endre | endre wikiteksten]

Den storaugde, klossete framtoningen til Bambi som kalv sjarmerte tilskodarar frå filmen kom ut, og er blitt eit omgrep for søte, uskuldige dyreungar.[3] Filmen, som viser at mor til Bambi blir skoten under jakt, førte til sorgtunge reaksjonar frå barn som såg filmen, og til ein del motstand mot jakt i det verkelege livet. Mellom anna har rockestjerna og Paul McCartney nemnd filmen som ei kjelde til sitt dyrevern.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. betweenthecovers.com
  2. Søk i Bibsys, arkivert frå originalen 2012-01-19, henta 15. juni 2017 
  3. «Bambi», A Dictionary of Phrase and Fable. Edited by Elizabeth Knowles. Oxford University Press, 2006. Oxford Reference Online.
  4. Paul Schons: «Bambi, the Austrian Deer» Arkivert 2008-08-08 ved Wayback Machine.. Germanic-American Institute, BBC: Former Beatle 'inspired by Bambi', 12 December 2005

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]