Filmen Jungelboken (1967)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jungelboken (originaltittel: The Jungle Book), er ein amerikansk teiknefilm frå 1967 produsert av Walt Disney Productions. Det var den siste filmen produsert av Walt Disney, som døydde under produksjonen. Filmen er basert på forteljingane om villungen Mowgli frå boka Jungelboken, som vart skrive av Rudyard Kipling.

Jungelboken er ein av Disneys mest populære filmar, og inneheld fleire klassiske songar, inkludert «The Bare Necessities» og «I Wan'na Be Like You». Mesteparten av songane er skrivne av brørne Richard og Robert B. Sherman. Filmen er regissert av Wolfgang Reitherman og Mowglis stemme vart gjeven av sonen hans, Bruce Reitherman. Ein oppfylgjar til filmen, Jungelboken 2 (The Jungle Book 2), kom ut på kino i 2003.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]