Filmteknikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Filmteknikk er ulike teknikkar og metodar som vert nytta for å kunne skape filmar i ein kvalitet som vert sett på som allmenn akseptert. Døme på slike teknikkar kan vere å ha riktig eller passande kamarahøgde, bruk av tilting og zooming, og å filme i perspektiv.

Kamerabruk[endre | endre wikiteksten]

Eit av fundamenta i filmteknikk er å kunne bruke kameraet på riktig måte.

  • Bildeutsnitt, dette er eit viktig filmatisk verkemiddel. Utsnittet er avstanden til det vi ser i biletet og det kan delast inn i nokre forskjellige hovudkategoriar:
    • Ultratotalt - Ein kan sjå heile mennesket, men berre som ein del av eit større landskap. Dette utsnittet egnar seg godt til å vise bilete av kvar ei handling skjer. Dette vert nytta når det er viktig å få fram korleis objekt bevegar seg i forhold til kvarandre.
    • Total – Ein ser heile mennesket og noko av bakgrunnen.
    • Halvtotal – Ein ser noko meir enn heile mennesket.
    • Halvnært – Ein ser mennesket omtrent frå brysthøgde. Ein kan merke seg detaljar som kjensleuttrykk . Dette vert ofte nytta i TV.
    • Nærbilete – Ein ser ein kroppsdel, for eksempel eit ansikt. Brukast som regel for å avdekkje kjenslereaksjonar.
    • Ultranært bilete – Viser detalj i ein kroppsdel, for eksempel eit auge eller munn som avslørar kjensle.
  • Perspektiv
    • Fugleperspektiv – Overvinkling, oversiktsbilete, får noko til å virke lite.
    • Froskeperspektiv – Undervinkling, får noko til å verke stort og mektig.
    • Normalperspektiv – Filmar i augehøgde.
  • Kameraføring
    • Panorering – Bevege kameraet horisontalt rundt si eiga akse.
    • Tilting – Bevege kameraet vertikalt.
    • Køyring – Plassere kameraet på ei skjene, kameraet rører seg like fort som objektet.
    • Zooming
    • Rørleg kamera – Handhalde kamera, kan skape inntrykk av rørsle, uro eller spenning.
  • Optikk – Ulike linser og filter som påverkar biletet. Biletet kan bli mjukare, hardare eller få bestemte fargetonar i tråd med stemninga ein ønskjer å formidle.

Lys[endre | endre wikiteksten]

Lys gjev varme, liv, og ikkje minst skugge. Dette er med på å skape spenning og uhygge.

  • Trepunkts lyssetjing.
    • Hovudlys framanfrå – Litt på skrå for objektet slik at biletet ikkje blir flatt.
    • Utfyllingslys - Frå sida, fjernar skuggar i ansiktet.
    • Motlys – På skrå bak objektet, for å skape djupn i biletet.
  • Bruke lyset som verkemiddel for å skape skumle scener – berre bruke under-/ over-/ sidelys.

Lyd[endre | endre wikiteksten]

  • Diegegisk lyd – lyd som høyrer naturleg til biletet.
    • Tale
      • ”Vanleg” tale – dialogar.
    • Det som blir teke opp under innspelinga.
  • Ikkje – diegegisk lyd
    • Musikk – stemningsmusikk (skummel musikk viss skummel scene)
    • Bakgrunnseffektar – for at det skal kjennast verkeleg.
    • Lyd som vert lagt på etterpå.
    • Lydbru – Lyd som ikkje eigentleg høyrer til eit bilete, men førebur ein på innhaldet i det neste.
    • Kommentarar

Redigering[endre | endre wikiteksten]

  • klipping – strukturering av opptak.
    • Omlag 80 % av råfilmen vert klipt vekk under redigeringsfasen.
    • Gjennom klipping kan ein oppnå ulike verknader blant anna i tempo og assosiansjonar.
    • Paralellklipping – skapar inntrykk av at ein opplever to forskjellige handlingsforløp samtidig.
    • Innskotssener – brå forflytting av handling i tid og rom.
    • Montasjekliping – klipper bilete som ikkje har noko med kvarandre å gjere til ei anna handling.
    • Kryssklipping – vekslar mellom handling som er i forskjellig tid og rom
  • Redigering på datamaskin.
    • Skodespelarar vert redigert til andre figurar.
    • ”Gollum” i ”Ringenes Herre”
    • Djupfokus – utnytting av djupna i biletet. Ein utnyttar den fulle djupna i biletet utan å klippe. Studerer det som ligg på same plan i same bilete i høve kvarandre slik at det oppstår assosiasjonar og psykologisk spenning.
      Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.