Hopp til innhald

Finn Øglænd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Finn Øglænd
NasjonalitetNorsk
StatsborgarskapNoreg
Fødd7. oktober 1957 (68 år)
Stavanger
Yrkeskribent, barnebokforfattar, lyrikar
Periode1983-
PrisarSamlagsprisen, Skolebibliotekarforeningens litteraturpris
DebutDet opplyste landskapet

Finn Helge Øglænd (fødd 7. oktober 1957 i Stavanger) er ein norsk forfattar, lyrikar, omsetjar og litteraturkritikar. Han voks opp på eit småbruk ved Tananger i Sola kommune.

Øglænd har teke utdanning ved Forfattarstudiet i Bø. Han har arbeidd ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.

Øglænd debuterte i 1983 med diktsamlinga Det opplyste landskapet. Han er ein produktiv forfattar, og har arbeidd både som lyrikar, romanforfattar og forfattar av barne- og ungdomsbøker. Øglænd har motteke fleire litterære prisar. For ungdomsboka Dei penaste jentene på TV (2001) mottok han både Sunnmørsprisen og Skolebibliotekarforeningens litteraturpris. I 1998 blei han nominert til både Brageprisen og Norsk litteraturkritikerlags barnebokpris for ungdomsboka Fem dagar, fire netter. I 1998 blei han nominert til både Brageprisen og Norsk litteraturkritikerlags barnebokpris for ungdomsboka Fem dagar, fire netter. I 2007 blei han første mottakar av Rasmus Løland-stipendet, oppretta av Rogaland fylkeskommune.

  • Det opplyste landskapet dikt (1983)
  • Flammande mørke dikt (1985)
  • Mannen utan ansikt roman (1985)
  • Den niande himmelen dikt (1986)
  • Hengt manns himmel dikt (1987)
  • Opp i røyk. Pusteøvingar dikt (1988)
  • Pariserloff roman (1988)
  • Exit dikt (1989)
  • Auge i stein dikt (1990)
  • Underlege gjerningar dikt (1991)
  • Mannen med dei grøne fingrane barnebok (1992)
  • Mellomrom dikt (1992)
  • Ei fjør i hatten og andre dikt for barn barnebok (1993)
  • Hjarteblod roman (1993)
  • Dyra i Halvferdigskogen barnebok (1994) (illustrert av Akin Düzakin)
  • Den nye poesi-handboka dikt (1994)
  • Dikt i utval (1994)
  • Ramle- og skramlevers barnebok (1995)
  • Mortifikasjon dikt (1997)
  • Sjelefred roman (1998)
  • Fem dagar, fire netter ungdomsbok (1998)
  • Ubotelege rørsler dikt (1999)
  • Vers på tvers barnebok (1999) (illustrert av Øyvind Torseter og Saeko Matsushita)
  • Passe hard, passe mjuk ungdomsbok (1999)
  • Dei penaste jentene på TV ungdomsbok (2000)
  • Hjartets protokollar kortprosa (2000)
  • Poesi er for desperados dikt (2001)
  • Stina på månen barnebok (2002) (illustrert av Kristin Roskifte)
  • Dikt mot det nødvendige dikt (2002)
  • Rebell ungdomsbok (2003)
  • Amok noveller for ungdom (2004)
  • Opphav dikt (2004)
  • Det nye dyrealfabetet barnebok (2005)
  • Eksil dikt (2006)
  • Svarte sjeler ungdomsbok (2007)
  • I den kalde molda brenn eit bål dikt (2008)
  • Lirum larum dikt (2011)
  • Posisjonar 2012 dikt (2013)
  • Ingentings barrikadar dikt (2016)
  • Høymolesong dikt (2020)
  • Leve evig som støvet dikt (2023)
  • Berre ikkje noko skjer skodespel (1999)

Attdiktingar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]