Akin Düzakin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Akin Düzakin
Fødd 12. mai 1961
Gaziantep
Yrke illustratør, barnebokforfattar

Akin Düzakin (fødd 21. mai 1961 i Gaziantep i Tyrkia) er ein tyrkisk-norsk illustratør og barnebokforfattar busett i Noreg sidan 1987. Han er utdanna i industridesign frå Ankara og frå Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo. Der han studerte frå 1987 til 1994.

Akin Düzakin har illustrert ei lang rad barnebøker, mellom anna bøkene om Tvillingbror og Tvillingsøster av Liv Marie Austrem, som han fekk Brageprisen for i 1995 og 1997. Saman med Oddmund Hagen fekk han Unni Sands bildebokpris for 1998 for biletboka Over jordet.

Akin Düzakin er særleg kjent for vakre akrylmaleri i delikate fargenyansar med poetiske, lett naivistiske motiv og tydelege figurar. Han har store biletskapande evner og uvanleg stor handverksmessig tryggleik i arbeida sine. Düzakin blir sett på som ein av dei aller beste illustratørane i Noreg i dag og kanskje den førande biletbok-illustratøren.

Akin Düzakin bur og arbeider i Son sør i Akershus.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]