Finnmarksjonsokblom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Finnmarksjonsokblom
Status
Status i Noreg: VU Sårbar
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Orden: Nellikordenen Caryophyllales
Familie: Nellikfamilien Caryophyllaceae
Underfamilie: Caryophylloideae
Stamme: Sileneae
Slekt: Smelleslekta Silene
Art: S. involucrata
Underart: Finnmarksjonsokblom S. i. tenella
Vitskapleg namn
Silene involucrata tenella

Finnmarksjonsokblom (Silane involucrata ssp. tenella) er ein plante i smelleslekta i nellikfamilien.

Arten er funnen i USA (Alaska), Canada, Grønland, Noreg, Sverige, Finland og Russland.[1] Han er sjeldan i Noreg, der han berre er funne i Alta og Kautokeino i Finnmark og på Svalbard, og er rekna som sårbar.[2] Han er ein av fleire svært sjeldne planteartar som blei demma ned som følgje av utbygginga av Alta-Kautokeinovassdraget. Finnmarksjonsokblom er freda i Noreg.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Silene involucrata subsp. tenella (Tolm.) Bocquet | Plants of the World Online | Kew Science», Plants of the World Online (på engelsk), henta 21. juni 2023 
  2. «Silene involucrata tenella - Artsdatabanken», artsdatabanken.no, henta 21. juni 2023 
  3. «15 truede plantearter i Finnmark», iFinnmark (på norsk), 24. januar 2011, henta 21. juni 2023 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]