Underart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den britiske underarten av kjøtmeis (Parus major newtoni) har breiare svart stripe på buken enn nominatunderarten.

Underart (latin subspecies, forkorta ssp.) er ein kategori brukt i den biologiske systematikken. Ein art har enten ikkje nokon underartar, eller fleire, aldri berre ein. Artar med fleire underartar kallast polytypiske. I dei tilfella der ein har valt å dele ein art inn i fleire underartar, er dette gjort for å representere den geografiske variasjonen i arten sine morfologiske, økologiske og/eller genetiske eigenskapar. To underartar lever altså aldri i det same området, dersom ein ser vekk frå smale overgangssonar der utbreiinga til fleire underartar kan møtast.

Som hos andre kategoriar (unnateke arten) er det eit spørsmål om skjøn kva for ei gruppe ein vel å kalle underart. Grunnen til dette er litt ulik hos underartar samanlikna med kategoriar over artsnivået (som slekter eller familier), sjå rase.

Nokre underartar er så ulike at ein ventar at dei over tid utviklar seg til ulike artar. I desse tilfella er underartane eit teikn på at den respektive arten står midt i ein prosess der nye artar dannar seg.

I paleontologien nyttar ein seg av og til av underarts-kategorien for å markere grenser i tid mellom fossilar som truleg høyrde til den same arten, men som kan skiljast frå kvarandre. Til skilnad frå underartar som sameksisterer i dag, gir slike paleontologiske underartar altså ikkje uttrykk for geografisk variasjon i arten, men for variasjon i tid.

Underartar vert skildra på same måte som artar, og har eigne typar.

Situasjonen i dag[endre | endre wikiteksten]

I dei siste tiåra er det biologiske artsomgrepet dels erstatta med eit fylogenetisk artsomgrep. Dette fører til at populasjonar som før vart rekna som underartar vert omdefinert til artar, noko som igjen har ført til ein sterk auke i talet på artar i mange grupper. Gråmåsen (Larus argentus) har til dømes vorte splitta i seks artar, og storsalamander (Triturus cristatus) er splitta i fire geografisk skilde artar.

Utviklinga innanfor molekylærgenetikk er ein annan årsak til at mange biologar i dag går vekk frå å bruke omgrepet underart. Det viser seg ofte at tidlegare definerte underartar var baserte på variasjonar i farge og kroppsbygning som ikke har samsvar med genetiske særtrekk. Samstundes avslører molekylærgenetikken sokalla kryptiske artar. Dette medfører at populasjonar som ikkje kan skiljast ved hjelp av morfologi, kan ha vore forplantningsmessig isolerte i lang tid. Sjølv om dei tidlegare ikkje ein gong har vore rekna som underartar kan det vere rett å sjå dei som skilde artar.

Det er hevda at det er ei tredje årsak til at biologar splittar opp tidlegare artar. Artar har mykje høgare status enn underartar hos dei som vedtek lover og gir pengar til forsking. Om ein biolog skildrar ein «ny» art er det lettare å få gjennom vernetiltak og å få midlar til å forske vidare på arten.

Nomenklatur i zoologien[endre | endre wikiteksten]

Dei ulike underartane av nøttekråke har ulik tjukkleik på nebben.

Underartar av dyr har tredelte (trinære) vitskaplege namn, det vil seie at det kjem eit ekstra epitet til det vitskaplege artsnamnet. Eit døme er sibirnøttekråke, Nucifraga caryocatactes macrorhynchos.

Underarten som typen av arten høyrer til kallast nominatunderart, og har to like epitetar i det vitskaplege namnet. Linné skildra arten nøttekråke frå eit eksemplar av den europeiske underarten, som derfor heiter Nucifraga caryocatactes caryocatactes.

Reglane for skrivemåte er dei same som for artsnamn. Den første lekken, slektsnamnet, skal ha stor forbokstav, og epitetane liten forbokstav. Epitetane er adjektiv som skal bøyast i same grammatiske kjønn som slektsnamnet. Namnet skal normalt skrivast med kursiv.

Dei vitskaplege namna på underartar brukast berre når det er naudsynt, og då vert namna forkorta når det ikkje er råd å misforstå. Den japanske underarten av nøttekråke heiter til dømes N. c. japonica, og underarten i Himalaya N. c. hemispila.

Nomenklaturkoden for zoologi opererer berre med kategorien subspecies for grupper med lågare rang enn art. Likevel brukast no og då dei uformelle kategoriane form og rase. Den siste kategorien brukast berre om husdyr.

Nomenklatur i botanikken[endre | endre wikiteksten]

Innanfor botanikk brukar ein kategorien subspecies med forkortinga «subsp.», men det er også vanleg å bruke «ssp.» Denne typen nedkortingar skal ikkje stå i kursiv. Nominatunderarten har det same vitskaplege namnet som arten, og har ikkje nokon spesiell nemning.

Eit døme er fôrkål Brassica napus, som har dei to underartane raps Brassica napus ssp. oleifera og kålrot Brassica napus ssp. rapifera.

I botanikken definerer nomenklaturkoden fleire kategoriar med lågare rang enn art, sjå varietet og form. I tillegg har kultivarar ein eigen nomenklaturkode.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]