Finsk hest

Finsk hest er ein kaldblodshest med opphav i Finland.
Skildring[endre | endre wikiteksten]
Finsk hest er ein mellomstor, sterkbygd hest. Raud er den vanlegaste fargen, ofte med lysare man og hale. Rasen er allsidig, og vert delt inn i fire typar etter storleik og bruksområde; trekkhesttype, ridetype, travtype og ponnitype. Bruksprøver vert systematisk nytta i avlsarbeidet. I Finland vert mellomstore, mellomtunge hestar som finsk hest og fjording kalla universalhest.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Stamboka til den finske hesten går tilbake til 1907. På 50-talet var det så mange som 400.000 finske hestar, men etter mekaniseringa av jordbruket sokk talet til 14.100 i 1987. Talet på hestar tok seg opp att på grunn av at bruken som ridehest og travhest auka.
Førekomst[endre | endre wikiteksten]
Finsk hest finst over store delar av verda.
Bruk[endre | endre wikiteksten]
Opphavleg vart rasen brukt i jordbruk og skogbruk, men i dag er det mest vanleg å bruke han til rekreasjonsriding og travsport.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Om finsk hest i Store Norske Leksikon
- Delar av denne artikkelen bygger på «Finnhorse» frå Wikipedia på engelsk, den 23. april 2012.