Fiskand
Fiskand, fleirtal fiskender, er ei fellesnemning for fugleslektene Mergellus, Lophodytes, Mergus i andefamilien. Dei representerer ikkje ei monofyletisk gruppe, men er delar av eit takson, underfamilien Merginae.[1] Slektene omfattar seks artar, dei fleste på den nordlege halvkula.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Fiskender er kjenneteikna av eit langt og smalt nebb med ein liten spiss krok i tuppen og nebbkantane har fine, sagtagga lamellar som gjev godt grep på fisk. Baktåa har ein brei symjelapp nett som hos dei andre dukkendene.
Dei varierer i storleik, lappfiskanda er lita og kompakt i tilhøve til den store laksanda, til dømes. Som andre dukkender er fiskendene spesialistar i å dukke. Som namnet tilseier, er det hovudsakleg fisk dei lever av, men dei kan òg ta krepsdyr og vassinsekt. Dei fisker både i sjø og i ferskvatn. Silanda er i stor grad maritim og lever langs kystar og i skjergarden, men òg i innlandssjøar i fjellet.[2]
Reira blir vanlegvis lagt i holrom, som i hole tre, men dei kan ligge i holrom på bakken, eller dekt av vegetasjon.[2]
Dei norske namna for artane laksand og siland deler ikkje samnemninga fiskand, tidlegare var dei kalla stor fiskand og lita fiskand høvesvis.[3]
Artslista
[endre | endre wikiteksten]Fiskender i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[5]
Slekt Mergellus
- Lappfiskand, Mergellus albellus
Slekt Lophodytes
- Hjelmfiskand, Lophodytes cucullatus
Slekt Mergus
- Laksand, Mergus merganser
- Brasilfiskand, Mergus octosetaceus
- Siland, Mergus serrator
- Skjelfiskand, Mergus squamatus
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «fiskender» i Store norske leksikon, snl.no. (fri lisens)
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Data knytt til Merginae på Wikispecies
- ↑ 2,0 2,1 Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
- ↑ Vik, Rolf; Karl Aage Tinggaard (1962). Fuglene i farger. Oslo: Aschehoug (W. Nygaard).
- ↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (september 2012), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2012
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)