Lappfiskand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lappfiskand
Lappfiskandhann
Lappfiskandhann
Lappfiskandhoe
Lappfiskandhoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU Sårbar██ Hekkeområde ██ Overvintring

██ Hekkeområde ██ Overvintring

Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Andefuglar Anseriformes
Familie: Andefamilien Anatidae
Slekt: Mergellus
Art: Lappfiskand M. albellus
Vitskapleg namn
Mergellus albellus

Lappfiskand (Mergellus albellus) er ein medlem av andefamilien som lever i den palearktiske regionen, hekkar frå nordlege Fennoskandia over Sibir til kysten av Okhotskhavet i aust. Overvintring skjer særs spreitt på isfritt vatn frå England i vest til Japan i aust.

Lappfiskand er einaste nolevande arten i slekta Mergellus og er òg ein monotypisk art utan underartar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Med ei kroppslengde på 35 til 44 centimeter er lappfiskand ei lita fiskand med kroppsform som ei kvinand (Bucephala clangula). Vengespennet er 55 til 69 centimeter. Vekta varierer mellom 510 og 935 gram.[1]

Hoer og hannar av lappfiskand har særs ulik fjørdrakt. Hannen sin praktdrakt er kvit med fine svarte teikningar. Han har ein svart flekk (tygel) i ansiktet, og ein fjørtopp på hovudet kan hevast. Ryggen har eit svart område. Hofuglen er derimot mest skittengrå, hovudet er raudbrunt med kvit nedre kinn og strupe. Frå juli til november blir hannfuglar meir lik hoer, men framleis med svart område på ryggen.

Unge fuglar syner ein brunkvit flekk på vengene og kanelbrune i staden for svartbrune tyglar mellom auget og nebbrota. Elles lik vaksne hofuglar.

Lappfiskender er stort sett stille og høyrast sjeldan.

Hekkeområdet strekker seg samanhengande frå Nord-Skandinavia til Okhotskhavet. Dei hekkar òg i austlegaste Sibir mot Anadyrbukta og på delar av Kamtsjatkahalvøya. Om vinteren spreier dei seg til i fragmenterte område så langt sør som sørlegaste Pakistan og Kina. Mesteparten av tida lever lappfiskender i fiskerike innsjøar eller langsamt rennande elver. Hekkehabitata deira er boreale barskogbelta med store furu- og lerketre. Dei føretrekker å hekke på innsjøar og lågland omgjeve av høg skog. Lappfiskender er hòlerugarar, og treng tre nær vatn til reirplass. Reirholet kan vere gjort av til dømes svartspett. Om vinteren og tidleg på våren kan dei òg leve på saltvatn.

I Noreg hekkar fåtalige lappfiskender ved stille vatn i Aust-Finnmark og i Nord-Trøndelag. Det finst òg få individ som overvintrar lengst sørvest i Noreg.[2]

I vintermånadene består maten nesten utelukkande av fisk som kan vere 10-11 cm lange, dessutan ål på opptil 29 cm. Om sommaren et lappfiskender ikkje berre fisk, men også vasslevande insekt og larvene deira, froskar, krabbar, ormar og deler av plantar som komplementær føde.[1]

Pardanninga til lappfiskendene finn stad i vinterkvartala i februar til mars. I april og mai kjem para til hekkeområda, egga blir lagde for det meste i mai, i nokre område fram til midten av juni. Dei seks til elleve kremfarga egga blir ruga i 28 til 30 dagar. Ungane hoppar ut av reirholet 24 til 36 timar etter klekking. Det tar ca. ti veker til dei når storleiken til vaksne fuglar, og dei blir kjønnsmodne i toårsalderen.

Storleiken på populasjonen er estimert til ca. 130 000 individ, av dei 18-35 000 i Europa.[3] I Noreg er hekkebestanden trudd å vere mellom 70 og 130 individ per 2015.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 Carboneras, C. og G. M. Kirwan (2020). Smew (Mergellus albellus), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.smew.01 Betalingsteneste
  2. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  3. BirdLife International (2021). «Mergellus albellus». Henta 4. april 2021. 
  4. «Norsk rødliste for arter 2015». Henta 4. april 2021.  Oppslag på Mergellus albellus

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lappfiskand