Krepsdyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krepsdyr
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Eumetazoa
Infrarike: Protostomia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Krepsdyr Crustacea
Brünnich, 1772

Krepsdyr er leddyr med tredelt kropp, todelte ekstremitetar og to par antenner. Dei pustar med gjeller og startar livet med eit naupliuslarvestadium. Gruppa omfattar 52 000 beskrivne artar som lever over heile kloten i eit breitt spekter av økosystem. Dei fleste lever i havet, men ein finn òg grupper som lever heile eller delar av livet sitt på land, t.d. landkrabbar, skrukketroll og kokoskrabbe.

Til krepsdyra høyrer krabbe, hummer, reker, kreps, skrukketroll, rur, vasslopper, tanglopper, eremittkreps og mange fleire. Fleire av artane er kommersielt nyttige, og vert tekne som mat: 10 millionar tonn krepsdyr vert fanga eller avla fram årleg. Dei er òg viktige økologisk - planktoniske artar dannar grunnlaget for dei fleste marine næringskjeder.

Oppbygnad[endre | endre wikiteksten]

Kroppen til krepsdyra er delt inn i tre delar (tagma): hovud, thorax og abdomen eller pleon. Ofte er hovud og thorax smelta saman til ein såkalla cephalothorax, så dyret i realiteten vert delt i to segment. Hovudet ber to par antenner, eit par fasettaugo og tre par munndelar kalla maxillar og mandiblar. Thorax og pleon ber ei rekkje laterale ekstremitetar, inkludert gjellene, og ender i eit telson. Dei er dei einaste nolevande leddyra med klart todelte (birame) ekstremitetar.

Som andre leddyr har krepsdyra eit hardt eksoskjelett som må skiftast ut for at dyret skal veksa (ecdyse). Ulike delar av skjelettet kan smelta saman, t.d. i carapax, ryggskjoldet som dekker heile oversidan av cephalothorax hjå mange artar.

Dei fleste krepsdyr er særkjønna, sjølv om det finst nokre få hermafrodittiske artar. Ein skil kjønna på pleopodane eller symjebeina, som sit på bakkroppen. Hjå hannar er det første, stundom òg det andre, paret av desse spesialisert til å avlevera sperma.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Taskekrabbe (Cancer pagurus)
Ei reke av arten Macrobrachium formosense

Systematikken til krepsdyra er noko uklår, og har vorte sett opp på mange måtar opp gjennom tidene. I dag reknar me etter Martin & Davis Arkivert 2006-05-25 ved Bibliotheca Alexandrina med seks klassar:

DNA-analyser tyder på at krepsdyra er ei parafyletisk gruppe, sidan insekt ikkje vert rekna med i ho.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Krepsdyr