Fister Idrettslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fister Idrettslag vart stifta av nokre ungdommar på Fister i 1963, men vart først godkjent av Idrettsforbundet i 1964.

Ungdommane som stifta laget reiste etter kvart vekk frå heimbygda for å ta vidareutdanning, og dermed vart laget delvis lagt på is dei første åra. I 1968 kom nye fisterbuar inn i styret, og aktivitetsnivået auka.

Først var det stort sett snøidrett som skiløp, men etter kvart fekk ein også augo opp for sommaridrett som friidrett. Tor Magne Wikene fekk blåsa liv i volleyballinteressa, og det gjekk så langt at volleyballaget nærma seg andre divisjon. På vinteridrettssida voks skeiseinteressa fram. Tore Sandvik vart både trenar og organisator for unge skeisetalent, og det største talentet vart Jostein Staurland. I både vestlandsmeisterskap og kretsmeisterskap hevda Fister-løpane seg, og fekk gode resultat og plasseringar. Draktfargen til Fister Idrettslag var grøn.

I 2006 vart Fister Idrettslag slått saman med Idrettslaget Hjelm, og det nye idrettslaget fekk namnet Hjelmeland Idrettslag.