Fjærebergkall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fjærebergkall
Fjærebergkall
Fjærebergkall
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av fjærebergkall
Utbreiinga av fjærebergkall
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Omnfuglar Furnariidae
Slekt: Bergkallar Cinclodes
Art: Fjærebergkall C. nigrofumosus
Vitskapleg namn
Cinclodes nigrofumosus

Fjærebergkall (Cinclodes nigrofumosus) er ein fugleart i omnfuglfamilien Furnariidae. Han er endemisk for Chile og lever i tidevassona frå nordlegaste regionen og sørover langs kysten til Los Lagos-regionen. Han liknar systerarten brottbergkall som lever i liknande habitat langs kysten av Peru, og nokre autoritetar reknar dei som same arten. Dei to har ikkje overlappande utbreiing.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Bilete frå Algarrobo i Valparaíso-regionen

Fjærebergkallen er ein stor art i Cinclodes, veks til ei kroppslengd på 21-22 (-27) cm.[1][2] Oversida er hovudsakleg i ein mørk sotbrun fargetone, med ei smal kvitaktig superciliærstripe (augebrynstripe) og bleike tuppar på dei ytre halefjørene. Vengene har eit raudbrunt vengeband som hovudsakleg er synleg under flukt. Strupen, halsen og sidene av halsen er kvite, medan brystet og buken er brune, stripete med kvitt. Nebbet er koksgrått og lett bua og dei ganske korte beina er mørkegrå.[1]

Dei har ein høg trillande song, ofte ytra frå toppen av ei steinblokk, og ofte slår dei ut med vengene medan dei syng.[2]

Denne fuglen lever i marint habitat ved kysten, typisk på sjøvåte berg og steinblokker med algevekst. Utbreiinga strekkjer seg frå Arica til Valdivia. Dei søkjer føde enkeltvis eller i par, og søkjar langs bølgjeutsette forstrender etter små krepsdyr og andre virvellause dyr som dei lever av. Hekkeperioden er i august og september. Reiret er bygd i ein fjellsprekk eller i eit hol som er grave ut i ein jordbank og er danna av gras, med tre til fire kvite egg.[1]

Status[endre | endre wikiteksten]

Fjærebergkallen er skildra som vanleg i heile det langstrekte utbreiingsområdet sitt. Storleiken på populasjonen ser ut til å vere stabil. IUCN har klassifisert arten som livskraftig.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Pantoja, V., F. Medrano, A. Vielma, T. S. Schulenberg, A. Jaramillo, og P. F. D. Boesman (2021). Seaside Cinclodes (Cinclodes nigrofumosus), version 2.0. I Birds of the World (T. S. Schulenberg og B. K. Keeney, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA
  2. 2,0 2,1 Ridgely, Robert S.; Tudor, Guy (2009). Field Guide to the Songbirds of South America: The Passerines. University of Texas Press. s. 71. ISBN 978-0-292-71748-0. 
  3. BirdLife International (2023) Species factsheet: Cinclodes nigrofumosus Henta 25. februar 2023

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Fjærebergkall