Fjellbakkestjerne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fjellbakkestjerne
Fjellbakkestjerne
Fjellbakkestjerne
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Korgplanteordenen Asterales
Familie: Korgplantefamilien Asteraceae
Stamme: Astereae
Slekt: Bakkestjerneslekta Erigeron
Art: Fjellbakkestjerne E. borealis
Vitskapleg namn
Erigeron borealis

Fjellbakkestjerne er ei fleirårig urt i korgplantefamilien. Arten har ei amfi-atlantisk utbreiing. Planta vert kring 15 cm høg, og har stiv stengel, oftast med ei korg, sjeldan med to eller tre. Stengel og blad er gråhåra. Fjellbakkesjerne har mørkfiolette kvithåra korgdekkblad som er snaue øvst. Dei har ei 1,5 til 2,5 cm brei korg med tverr eller innbukta grunn. Dei har roseraude kantkroner og innanfor dei ein ring med røyrforma hoblomstrar. Midtkronene er gule og blir snart raude øvst.

Fjellbakkestjerne blomstrar kring juli månad på turr og våt kalkrik grunn i fjellskogane.

Planta veks i alle fjelltrakter i Noreg. Ho er funnen opp til 1600 m i Jotunheimen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fjellbakkestjerne