Korgplantefamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Korgplantefamilien


Tolv artar i korgplantefamilien
Tolv artar i korgplantefamilien

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Asterales
Familie: Asteraceae
Vitskapleg namn
Asteraceae

Korgplantefamilien eller korgblomfamilien (Asteraceae eller Compositae) er ein plantefamilie i ordenen Asterales. Han omfattar om lag 13 000 artar fordelt på 1 500 planteslekter.

Familien blir gjerne rekna som den mest utvikla eller «moderne» av alle plantefamiliar. Dette er både fordi ein ikkje har funne arkeologiske spor frå gammal tid av desse blomane, og fordi dei har utvikla mange sofistikerte organ som andre plantar ikkje har.

Zinnia elegans ser me tydeleg små blomar samla i korga, med fargesterke kronblad rundt.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Namnet har familien fått frå «korga» som inneheld ei rekke små blomar. Blomane kan ha to ulik former: røyrforma, såkalla skiveblomar, eller tungeforma, såkalla randblomar.

Korgdekkblad under korga til Centaurea pullata.

Rundt kvar korg sit ofte fargerike kronblad, som kan vera heile eller frynsete ytst. Desse igjen er dekte av smale, grønlege og begerliknande korgdekkblad, som kan vera hinneaktige, taggete eller ha mothakar.

Medlemmer[endre | endre wikiteksten]

I korgplantefamilien finst fleire hageplantar, men òg mange plantar som blir rekna som ugras. Blomar som høyrer til den første gruppa er mellom anna asters, kornblom og fløyelsblom, medan løvetann, tistel og kornblom igjen kan bli rekna til den siste.

Slekter i korgplantefamilien[endre | endre wikiteksten]

Burot (Artemisia vulgaris)
Dahlia pinnata
Haustsolbrur, Helenium autumnale.
Bruksplanten klisterurt, Madia sativa.
Palafoxia rosea.
Urospermum dalechampii

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Korgplantefamilien
  • kristvi.com: Fleire korgblomar med norske namn og bilde