Fjellet Pollux
| Pollux | |||
| Monte Polluce | |||
| fjell | |||
Pollux (høgre) og Castor (venstre) frå Grenzbreen | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Regionar | Aostadalen, Valais | ||
| Fjellkjede | Wallis-Alpane | ||
| Høgd | 4 092 moh. | ||
| Primærfaktor | 247 m ↓ mot Monte Rosa | ||
| Koordinatar | 45°55′40″N 7°47′07″E / 45.92778°N 7.78528°E | ||
| Lettast tilkomst | Søraustryggen (delar er UIAA I+) | ||
| Førstestiging | Jules Jacot | ||
| • dato | 1. august 1864 | ||
![]() Fjellet Pollux 45°56′00″N 7°47′00″E / 45.93333°N 7.78333°E | |||
| Wikimedia Commons: Castor and Pollux peaks | |||
Pollux (italiensk Monte Polluce) er eit fjell i Wallis-Alpane på grensa mellom Sveits og Italia med ei høgd på 4 092 meter over havet. Han er den lågare av to tvillingtoppar. Den andre toppen er Castor og begge er kalla opp etter Geminitvillingane i romersk mytologi. Passet mellom dei toppane er 3 845 meter høgt og heiter Passo di Verra på italiensk og Zwillingsjoch på tysk.
Dei første som nådde toppen av fjellet var Jules Jacot frå Genève med guidane Josef-Marie Perren og Peter Taugwalder den 1. august 1864. Ruta deira gjekk via Schwartztor, eit pass som først vart kryssa av John Ball og Gabriel Zumtaugwald i 1845. Den imponerande nordveggen vart først klatra av Kaptein John Percy Farrar og Wylie Lloyd med guiden Josef Pollinger den 18. august 1893.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Pollux (mountain) frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
- Collomb, Robin G., (ed.), Pennine Alps Central, London: Alpine Club, 1975
- Dumler, Helmut and Willi P. Burkhardt, The High Mountains of the Alps, London: Diadem, 1994. (Dumler gives Pollux's elevation as 4,091 m.)


