Gudinna Jord
Utsjånad
(Omdirigert frå Fjorgyn)
Gudinna Jord | |||
| |||
Identifisert med | Fjorgyn, Fjorgynn, Mat Zemlja, Moder Jord, Gaia | ||
---|---|---|---|
Mor | Natt | ||
Far | Annar | ||
Sambuar | Odin | ||
Barn | Tor | ||
Medlem | åsynje |
Jord opptrer som ei åsynje i den norrøne gudelæra. Ho er då ei personifisering av den fruktbare jorda. Ho vert òg kalla Fjorgyn, som tyder 'jord' eller 'land'.
Ifølgje Gylfaginning er Jord både dotter og kone til høvdingen blant æsene, Odin, og mor til eldste sonen hans, Tor. I neste bolk av Gylfaginning er ei anna Jord nemnd som dotter av jotunkvinna Nótt og Ánarr.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Mount Jord i Antarktis
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Snorre Sturlasson: Gylfaginning i Den yngre Edda
- Jan Erik Ebbestad Hansen og Kari Møller: Norrøne myter og sagn (Gyldendal Fakta 1999) ISBN 82-05-25546-6
- Vera Henriksen: Verdenstreet (Aschehoug 1984) ISBN 82-03-11374-5