Fløyfjelltunnelen
Utsjånad
(Omdirigert frå Fløyfjellstunnelen)
| Offisielt namn | Fløyfjelltunnelen |
|---|---|
| Transporterer | Biltrafikk – 4 felt |
| Stad | Bergen |
| Kommune | Bergen |
| Fylke | Hordaland |
| Lengd | 3,2 km (sør) 3,6 km (nord) |
| Trafikk | 48 032 (2024)[1][2] |
| Opna | 1988 |
![]() Fløyfjelltunnelen 60°24′13″N 5°20′11″E / 60.403611°N 5.336389°E | |
Fløyfjelltunnelen er ein del av E39 og E16, på denne strekninga kalla Åsanevegen, går frå Sandviken til Kalfaret i Bergen. Fløyfjelltunnelen har to separate løp, kvart med to køyrebanar. Det sørlege løpet er 3,2 km langt og for trafikk inn til Bergen. Det vart teke i bruk i 1989, det andre (nordlege) løpet er 3,6 km langt, tek trafikken ut av sentrum og vart teke i bruk i 1988. Tunnelane vart laga for å leie biltrafikken utanom sentrum. Tunnelane går gjennom Fløyfjellet, eit av dei sju fjella kring Bergen.
Bergens mest stengde tunnel
[endre | endre wikiteksten]I 2010 var tunnelen heilt eller delvis stengd 216 gongar, noko som tilsvarar 110 timar og 10 minutt.[3]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Trafikkdata Ev39 Fløyfjellstunnelen nordgående». Statens vegvesen.
- ↑ «Trafikkdata Ev39 Fløyfjellstunnelen sørgående». Statens vegvesen.
- ↑ Derfor var den stengt 216 ganger i fjor
