Flakstad kyrkje
| Flakstad kyrkje | |||
| kyrkje | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Nordland | ||
| Kommune | Flakstad | ||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
| Bispedøme | Sør-Hålogaland | ||
| Prosti | Lofoten | ||
| Sokn | Flakstad | ||
| Fellesråd | Flakstad | ||
| Type | Krosskyrkje | ||
| Material | Tre | ||
| Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
| Sitjeplassar | 300 | ||
![]() Flakstad kyrkje 68°06′17″N 13°18′23″E / 68.1048°N 13.3063°E | |||
| Wikimedia Commons: Flakstad kirke | |||
Flakstad kyrkje ligg på staden Flakstad i Flakstad kommune i Nordland. Kyrkja er ei krosskyrkje i tre med 300 plassar. Ho vart bygd i 1780 og vølt om i 1872 og 1938. Ho høyrer til Flakstad sokn i Lofoten prosti.
Flakstad kyrkje er første gong nemnd i skriftlege kjelder i 1413.[1] Ei kyrkje på Flakstad vart bygd i 1430. Ho vart øydelagd av storm på 1700-talet. Den nye kyrkja vart bygd av tømmer frå Russland. Ho vart bygd utanpå den gamle kyrkja. Ei av lysekronene i kyrkja kjem òg frå Russland. Fleire av gjenstandane i dagens kyrkje stammer frå den gamle kyrkja, deriblant to lysekroner, altertavla og preikestolen.
Ein orkan blåste tårnet av kyrkja i 1874. Tårnet vart deretter sett opp i vestenden av kyrkja. Under ombygginga i 1938 vart tårnet sett på plass att midt over kyrkjekrossen, i kyrkjetaket.[1]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Interiør
- Altar
- Preikestol
- Interiør og orgel
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 Referat fra NAS’ tur til Lofoten, 28. mai til 1. juni 2003 Arkivert 2011-09-22 ved Wayback Machine. frå Arkeologi.no
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Flakstad kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Denne kyrkjeartikkelen som har med Nordland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
