Krosskyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den store katedralen i York har krossforma grunnplan.

Krosskyrkje er ein kyrkjebygning som har ein krossplan. Planen kan vere utforma som ein latinsk kross med langt hovudskip og kortare krossarmar, eller som ein gresk kross med like store krossarmar. Krossarmane består av eit tverskip eller transept som kryssar hovudskipet. Ein slik plan kan symbolisere både Kristi kross og hovudgatene i Jerusalem, som dannar ein kross.

Form[endre | endre wikiteksten]

Grunnplan for katedralen i York (skipet mot vest, koret mot aust)
Wilhelm von Hannos grunnriss av Trefoldighetskyrkja, ei av dei få som kombinerer gresk kross med åttekant.

Eit krossforma grunnplan er vanleg i mange kyrkjer. Forma kan vere langstrekt som ein latinsk kross med eit langt skip og kortare tverrarmar. Katedralen i York (York Minster) er eit døme på denne forma. Ei kvadratisk form der kyrkja dannar ein gresk kross med like lange armar er vanleg innanfor den ortodokse kyrkja. Desse ortodokse kyrkjene har ofte ein kuppel midt over krossen. I Noreg har til dømes Olden gamle kyrkje grunnplan som ein gresk kross, ved at kyrkja er sett i hop av fem kvadrat på 6 x 6 meter kvar.[1] I Noreg er det vanleg med eit sentralt tårn midt over krossen som Kors kyrkje i Romsdalen eller tårn over inngangen som i Oslo domkyrkje.

I protestantiske kyrkjer vart ofte preikestolen plassert sentralt i eit av hjørna i krysset.

Det åttekanta grunnplanet som vart vanleg litt seinare gjev betre synskontakt mellom tverrarmane og koret enn i dei krossforma kyrkjene. Dolstad kyrkje[2] og Trefoldighetskirken er særmerkte ved at dei er krossforma med avskorne hjørne slik at dei er både ei åttekantkyrkje og ei krosskyrkje. I store krosskyrkjer blir det òg ujamnt fordelt lys med dårlege lystilhøve midt i kyrkjerommet.[3]

Y-form[endre | endre wikiteksten]

Y-forma planteikning for Mo kyrkje i Surnadal.

Det finst også døme på krosskyrkje som har vorte bygt etter eit Y-plan. Y-kyrkje eller Y-plan er ei videreutvikling av grunnplanet til krosskyrkja, men med den eine armen fjerna. Dei tre armane som var igjen var som regel like lange og vinkelen mellom tilnærma like stor. Y-kyrkja har eit kor og to skip i ei trekanta grunnform som symboliserer Den kristne treeininga. Planforma kan ha vore ein norsk spesialitet og finst ikkje utanfor Noreg.[4] Det skal ha vore 10 av dei i Noreg med ei kyrkje i Bratsberg som den første.[5] Kvinnene sat i den eine arma og mennene i den andre. Det var også lettare å sjå inn i koret.

Konstruksjon[endre | endre wikiteksten]

Kors kyrkje i Grytten prestegjeld er ei lita korskyrkje frå 1797
Hamre kyrkje er ei langkyrkje med stutte krossarmar

Oslo Domkyrkje frå 1694 er døme på opphavleg krosskyrkje i stein/tegl, men dei fleste norske krosskyrkjer frå den tida er i lafta tømmer. Tverrarmane i krosskyrkja hjelper til å stive av laftekonstruksjonen slik at kyrkjerommet kan lagast større. Lengda på tømmerstokkane avgrensa kor lang ein enkeltvegg kunne bli og opp til ein viss storleik høvde difor lafteteknikken godt til krosskyrkjer.[6] Hans D. F. Linstow («Udkast til Kirkebygninger» 1829) meinte at rektangulære grunnplan (langkyrkjer) var det mest enklaste, men på grunn av problem med avstiving av høge, lange tømmerveggar kunne denne forma berre brukast i små lafta kyrkjer. Dei fleste krosskyrkjene frå 1600-1700-talet er oppført i tømmer mellom anna fordi krossforma er meir stabil enn langplanet i store bygg. Tømmerkonstruksjonen vart lett ustabil og for svak for lange, høge veggar, særleg om dei vart gjennomskårne av høge vindauge - det var difor vanskelegar å bygge store langkyrkjer av tømmer. Tverrskip gav ein meir stabil tømmerkonstruksjon og er truleg ein grunn til at krosskyrkjeforma vart utbreidd på 1600-1700-talet.[7] I store lafta kyrkjer er avstivingsproblemet løyst på ulike måtar, til dømes som i Leksvik kyrkje der det er ein tverrvegg midt på det 16 m lange skipet. Av byggetekniske omsyn tilrådde Linstow difor krossforma. I Gjemmestad kyrkje og Hamre kyrkje er avstivingsproblemet løyst med små utstikk på skipet (stutte krossarmar) som gjev ymt om eit krossforma grunnplan.[8] Desse lafta krosskyrkjene har mykje til felles med krosskyrkjer i tegl som vart reist på den tida, til dømes Oslo domkyrkje.[9] Krossforma gjorde det mogleg å bygge større kyrkjerom utan å bruke nye konstruksjonformer i taket slik det ville ha blitt naudsynt med breiare og lengre skip.[10] I Olden bles ei kyrkje ned i vinterstormen på 1700-talet og ei ny vart bygd i krossform for å tåle den sterke vinden.[11]

Stavkyrkja som stod i Ørsta var truleg reist som krosskyrkje. Enkelte stavkyrkjer vart utvida med krossarmar, til dømes Flesberg stavkyrkje vart i 1735 utvida med tverrarmar i lafta tømmer. Vågå kyrkje vart oppført som krosskyrkje i bindingsverk med materialar frå ei gamal stavkyrkje på staden. Steinkyrkja på Søndeled vart utvida til krosskyrkje med påbygg i lafta tømmer 1768-1784.

Krosskyrkjer i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Plantypen finn ein i store delar av verda, men soknekyrkjer av stein med opphavleg krossform har ein ikkje hatt i Noreg i mellomalderen, sjølv om fleire seinare har blitt ombygd. Korskyrkja i Bergen var opphavleg bygd som langkyrkje og utvida til krosskyrkja på 1600-talet. Norderhov kyrkjeRingerike og Haslum kyrkje i Bærum er døme på krosskyrkjer i stein som er utvida frå langkyrkje, medan Nidarosdomens grunnplan har preg av krosskyrkje sjølv om ho er reist som basilika.[12][13]

I mellomalderen vart ingen soknekyrkjer oppført i krossform, men mange vart seinare utvida ved å bygge på tverrskip som Haslum kyrkje eller Søndeled kyrkje. Nidarosdomen har også tverrskip men kan opphavleg ha vore utforma som basilika utan tverrskip.[14] Fleire stavkyrkjer med langplan vart ombygd til krosskyrkjer på 1600-1700-talet. Hedalen stavkyrkje til dømes vart utvida i 1699 ved å bygge ut i tre retningar slik at den opphavlege kyrkja vart verande som den vestlege delen av skipet.[15]

På landet var alle nye kyrkjer i tida 1600-1800 lafta tømmer, dette gav ein lågare og tyngre bygningstype enn stavkyrkjene frå mellomalderen. Grunnplanet tidleg på 1600-talet var ofte enkelt med eit rektangulært skip og smalare kor (langkyrkje), men i siste halvdel av 1600-talet vart krossforma grunnplan vanleg og på 1700-talet vart krosskyrkja det dominerande (på Vestlandet dominerte fortsatt langkyrkja).[16] Nokre få Y-forma kyrkjer finst fortsatt i dag: Holmestrand kyrkje i Vestfold, Mo kyrkje i Surnadal, Rennebu kyrkje og Budal kyrkje i Sør-Trøndelag.

Av dei 130 norske kyrkjene frå 1700-talet er over halvparten krosskyrkjer i lafta tømmer.[17]

Kongsberg kyrkje har landets største kyrkjerom

Store krosskyrkjer[endre | endre wikiteksten]

Nokre av dei størst krosskyrkjene i Noreg rekna etter sitjeplassar.[18]

Elverhøy kyrkje frå 1803 er bygd i tømmer med tårn i reisverk

Krosskyrkjer av tømmer[endre | endre wikiteksten]

Døme på krosskyrkjer oppført i lafta tømmer (ofte utvendig panel som skjuler tømmerveggane)

Oslo domkyrkje ei av dei få murkyrkjene frå 1600-talet, teikning av Gerhard Schøning omkring 1830 (før ombygging).

Murkonstruksjon[endre | endre wikiteksten]

Døme på krosskyrkjer oppført i stein og/eller tegl.

Flesberg stavkyrkje - opphavleg langkyrkje, utvida med tverrarmar i lafta tømmer.

Stavkonstruksjon[endre | endre wikiteksten]

Døme på stavkyrkjer med krossform (mange ombygde stavkyrkjer har tverrarmar i annan konstruksjonsteknikk, ofte tømmer).


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fylkesarkivet SF: Olden gamle kyrkje lese på nett 8.mars 2013
  2. Jakobsen, Mikael (1935): Dolstad kirke 1735-1935. Dolstad menighetsråd, s.12.
  3. Vreim, Halvor (1947): Norsk trearkitektur. Oslo: Gyldendal.
  4. Sørmoen, Oddbjørn: Kirker i Norge, 1700-tallet, skjønnhetens århundre side 26
  5. Christie, Håkon (1991): Kirkebygging i Norge i 1600- og 1700-årene. Årbok for Fortidsminneforeningen, årgang 145, s. 177-194.
  6. Hosar, Kåre (1988): Sør-Fron kirke. Lokal bakgrunn og impulser utenfra. Magisteravhandling i kunsthistorie. Universitetet i Oslo.
  7. Sæther, Arne E. (1990): Kirken som bygg og bilde. Rom og liturgi mot et tusenårsskifte. Arne E. Sæther i samarbeid med Kirkerådet og Kirkekonsulenten.
  8. Vreim, Halvor (1947): Norsk trearkitektur. Oslo: Gyldendal.
  9. Christie, Håkon (1991): Kirkebygging i Norge i 1600- og 1700-årene. Årbok for Fortidsminneforeningen, årgang 145, s. 177-194.
  10. Vreim, Halvor (1947): Norsk trearkitektur. Oslo: Gyldendal.
  11. Fylkesarkivet SF: Olden gamle kyrkje lese på nett 8.mars 2013
  12. Muri, Sigurd; Norske kyrkjer, Oslo 1971 side 194
  13. Store Norske leksikon lese på nett 2.1.2012
  14. Muri, Sigurd; Norske kyrkjer, Oslo 1971 side 194.
  15. Christie, Sigrid, Ola Storsletten, Anne Marta Hoff: Hedalen stavkirke. Norges kirker udatert, lese 29. september 2013.
  16. Vreim, Halvor (1947): Norsk trearkitektur. Oslo: Gyldendal.
  17. Kyrkjebyggdatabasen lese på nett 14.2.13.
  18. http://www.kyrkjesok.no/ lese på nett 5.1.203