Flamenco

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Baile andaluz 1893 José Villegas Cordero.

Flamenco er ein spansk folkekunstart uttrykt gjennom song, dans og akkompagnement, typisk gitarspel og rytmisk klapping og knipsing. Genren er knytt til Sør-Spania, særleg Andalucia, meno også andre stader som Extremadura og Murcia. Spanske sigøynarar (gitanos), maurarar og sefardiske jødar har òg vore med på å påverka forma, og seinare har også kulturutveksling med Latin-Amerika, særleg Cuba, vore med på å vidareutvikla henne. Flamenco er rekna som immateriell verdsarv av UNESCO.

Flamenco i Marcaibo i Venezuela.
Flamencodansaren Joaquín Cortés frå Spania.

Dans[endre | endre wikiteksten]

Flamencodans finst i mange versjonar, frå ein turistifisert og lett tilgjengeleg versjon, til den ballettaktige fastlagde forma, og ei meir «opphavleg», folkeleg form ein kan finna på såkalla peñas og ved ulike festar, høgtider og festivalar.

Flamencodans blir tradisjonelt utført etter tur av éin og éin dansar. Tradisjonelt er det stor skilnad på kvinne- og mannsdans. Mannen dansar med stram stil, medan kvinna uttrykkjer seg med mjuke arm- og handrørsler, hofterørsler og bøyeleg overkropp. Begge dansar med stolt kroppshaldning. Det blir også gjerne brukt særs raske dansesteg.

Dansen er sterkt påverka av dansen til spanske sigøynarar (gitanos), og viser òg påverknad frå arabisk dans.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Måleri av Camarón de la Isla som syng og Paco de Lucía som speler flamenco på gitar.

Ulike flamencomusikkstilar blir kalla palo, og skil seg frå kvarandre gjennom rytmemønster, toneart, motiv og verseforma brukt i songen. Det finst over femti ulike paloar, men ikkje alle blir framført like ofte. Nokre typar blir sunge utan akkompagnement, andre kan ha gitar- eller anna akkompagnement. Nokre blir tradisjonelt framført av menn, andre av kvinner, medan andre paloformer igjen ikkje er kjønnsdelte. Nokre blir dansa til og andre ikkje.

Flamenco i verda[endre | endre wikiteksten]

Frå 1970-talet har flamenco spreidd seg over hele verden, og er blitt brukt av mange artistar, som songaren Carmen Linares eller gitaristen Paco de Lucia og av Ojos de Brujo i såkalla «crossover»-stil. Carlos Saura sine kjende filmar som Blodbryllypet, Carmen og Flamenco har gjort kunstforma kjend for publikum i ei rekkje land. I den seinare filmen Volver av Pedro Almodovar framført songaren Estrella Morente ein flamencosong med same namn som også nådde ut til eit stort publikum.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Flamenco

Kjelder[endre | endre wikiteksten]