Hopp til innhald

Flatmark stoppestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flatmark stoppestad


Stasjonsområde
Stad Flatmark
Distanse 431,52
Opna 30. november 1924
Arkitekt Gudmund Hoel og Bjarne Friis Baastad
Plattformer 1
Linjer og rutedrift
Linje(r) Raumabana
Overgang
Kart
Flatmark stoppestad

Flatmark stoppested er ein tidlegare stoppestad på Raumabana i Romsdalen, 26 kilometer aust for Åndalsnes, opna i 1924 og nedlagd i 1990. Stasjonsbygninga, som var den einaste av sin type på Raumabana, vart riven i 1984. Flatmark var aldri meint å vere noko meir enn ein stoppestad, og var difor bygd langt enklare enn dei andre stasjonane på bana.

Betening og trafikk[endre | endre wikiteksten]

Stoppestaden vart ubetent i 1953, vart nedgradert til haldeplass med stans viss det var reisande i 1973 og mista passasjertrafikken i 1988. Den formelle nedlegginga fann stad i 1990.

Flatmark fortsette å vere lasteplass etter at beteninga forsvann. I følge ei liste over sidespor frå 1957 kunne il- og fraktgods samt levande dyr ekspederast til Flatmark. Det kunne òg sendast vognlaster til Flatmark, som hadde eit 70 meter langt lastespor.[1] Sendarane av stykkgods måtte møte på stasjonen og levere godset til konduktøren.[2]

Stasjonsbygninga[endre | endre wikiteksten]

Stasjonsbygninga var teikna av Jernbanens arkitektkontor, byggetype AK 128, og skil seg frå dei andre stasjonane på Raumabana. Bygningskroppen var ikkje lafta, men reist av bindingsverk med plankefyll. I staden for nyrokokko eller nybarokk ornamentikk hadde Flatmark eit reinskore nyklassisistisk uttrykk uten ornament. I gavlane var eit halvrundt vindauge, som var populært i mellomkrigstida. Bygninga hadde ikkje sidefløy med godsrom, men godsavdelinga var ein del av sjølve hovudbygningen.

Saltaket var tekt med skifer. I første etasje var det ekspedisjonslokale, venterom og godsrom, i andre etasje var det ein bustad med inngang frå baksida. Av di det aldri var meininga at Flatmark skulle vere ein del av togframføringa, blei det ikkje sett opp utbygg mot plattforma med plass til innvendig stillverk, som på dei andre stasjonane.

Flatmark var langt mindre, enklare og rimelegare å byggje enn dei andre stasjonane på Raumabana. Byggekostnad for heile anlegget med bygningar, vasstårn og vassverk var 146 000 kroner, som var under halvparten av dei enklaste nabostasjonane. Det gjekk med 13 000 timar for å gjere stasjonen ferdig, mot nærare 25 000 timar på Marstein stasjon, som vart bygd samstundes. [3]

Riven i 1984[endre | endre wikiteksten]

Stasjonsbygninga var i god stand under bygningsregistreringa i 1981, men vart likevel riven i 1984.[4] Rivinga er seinare blitt sett på som eit mistak, og kulturminnemyndigheten har vurdert å byggje opp att stasjonsmiljøet:

Nasjonal verneplan for kulturminner i jernbanen (2004) såg på rivinga som uheldig: [5]

«

Flatmark stasjon
Flatmark ekspedisjonsbygning og uthus ble revet i 1987 (feil år). Samme skjebne fikk stasjonens vanntårn og pumpeverk (1977). På sikt bør det vurderes å gjenoppføre samtlige bygninger og perrong, for eksempel gjennom omplassering av en av de stasjonsbygningene som ikke prioriteres for vern på sitt nåværende sted (Lora, Romsdalshorn).

»

Stoppestaden hadde eit vasstårn, som vart rive i 1977. Vasstanken - ein nagla tank som truleg romma 20-30 tonn vatn - finst enno. Tanken ligg på eit jorde på Flatmark og er synleg frå vegen.

Skysstasjon[endre | endre wikiteksten]

Før Romsdalen fekk jernbane var det skysstasjon (frå 1820) på Flatmark med hesteskyss opp dalen til Ormem (Ormheim) eller nedover til Horgheim. Det var åtte skysstasjonar mellom Åndalsnes/Veblungsnes og Dombås. Då turisttrafikken med skip byrja på 1880-talet vart turistane skyssa til Flatmark og Ormem.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]