Flimby
Utsjånad
Flimby | |||
landsby | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Flimby 54°41′10″N 3°30′47″W / 54.686°N 3.513°W | |||
Wikimedia Commons: Flimby |
Flimby er ein by i civil parishet Maryport, i distriktet Allerdale i grevskapet Cumbria i England.[1] Byen hadde 1 699 innbyggarar i 2020.[2] Parishet hadde 2 066 innbyggarar i 1951.[3] Flimby var eige civil parish fram til 1934, då han blei del av Maryport.[4]
Flimby ligg ved kysten av Cumbria, med byen Maryport i nord og Workington i sør. Namnet er dokumentert som Flemyngeby på 1100-talet. Det kjem frå norrønt, og tyder 'flamlendar-gard eller landsby'.[5]
Flimby jernbanestasjon på Cumbrian Coast Line har tent landsbyen sidan 1846. Toget stoppar berre her på oppmoding.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Ordnance Survey linked data». Ordnance Survey. Henta 5. april 2016.
- ↑ «Flimby». City Population. Henta 5. januar 2022.
- ↑ «Population statistics Flimby Ch/CP through time». A Vision of Britain through Time. Henta 5. januar 2022.
- ↑ «Cockermouth Registration District». UKBMD. Henta 5. januar 2022.
- ↑ Mills, A. D. (2011). «Flimby» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-960908-6. doi:10.1093/acref/9780199609086.001.0001/acref-9780199609086-e-5542.
- Denne artikkelen bygger på «Flimby» frå Wikipedia på svensk, den 17. juni 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Flimby» frå Wikipedia på engelsk, den 17. juni 2022.