Flora Shaw

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Flora Louise Shaw eller Lady Lugard (19. desember 185225. januar 1929) var ein britisk journalist og forfattar som er best kjend av ettertida for å ha funne på namnet «Nigeria».

Flora Louisa Shaw var fødd i Woolwich som den fjerde av fjorten. Foreldra hennar var kaptein (seinare majorgeneral) George Shaw og Marie Adrienne Josephine fødd Desfontaines, ei fransk kvinne fødd på Mauritius. Farfar hennar var sir Frederick Shaw (1799–1876), tredje baronett av Bushy Park i Dublin, ein irsk konservativ leiar og britisk parlamentsmedlem frå 1830 til 1848.

Shaw skreiv først fiksjon. I perioden 1878-86 skreiv ho fire barnebøker og ei bok for vaksne. Den første barneboka hennar, Castle Blair bygde på hennar eigen anglo-irske barndom og var særs populær i Storbritannia og USA til godt inn i 1900-talet.

Shaw tok til som journalist i 1886, då ho intervjua den sudanesiske leiaren Zebehr Pasha (Al-Zubayr Rahma Mansur) under fangenskap i GIbraltar. Manchester Guardian sende henne som einaste kvinnelege journalist for å dekkja antislaverkonferansen i Brussel. Seinare blei ho koloniredaktør for The Times, og send som korrespondent til sørlege Afrika i 1892 og 1901. Ho drog også til Australia og New Zealand i 1892, og undersøkte mellom anna kanaka-arbeid (stillehavsfolk, ofte under ufrie vilkår) på sukkerplantasjane i Queensland. Vidare vitja ho Canada i 1893 og 1898, sistnemnde med ei reise til gullgraveområdet i Klondike.

Flora Shaw hadde stor tru på det britiske imperiet. Breva ho sende tilbake frå koloniane var prega av trua på økonomisk vekst hjelpt av britiske nybyggjarar og britisk politisk styring. Ho stod nær fleire viktige representantar for det britiske imperiet i Afrika: Cecil Rhodes, George Goldie og Frederick Lugard. Ho gifta seg med Lugard i 1902. Lugard var guvernør for Hong Kong i 1907–1912, og Flora hjelpte til med å skipa Universitetet i Hong Kong i denne perioden. Under første verdskrigen var Lugard guvernør-general for Nigeria, og kona var med på å skipa «the War Refugees Committee» og «the Lady Lugard Hospitality Committee», som særleg arbeidde for belgiske flyktningar. I 1918 blei ho utnemnd til «Dame Commander of the Order of the British Empire».

Shaw føreslo «Nigeria» som namn på det britiske protektoratet ved Niger-elva, då kalla Royal Niger Company Territories, i ein artikkel i The Times 8. januar 1897. Ho gjekk med dette bort frå nemninga «Central Sudan» som ein del utforskarar og geografar hadde brukt om området, ettersom ho meinte «Sudan» var tettare knytt til eit område lengre aust, nær Nilen - staden det moderne Sudan ligg.

I 1905 skreiv Shaw historien om den vestlege Sudan-regionen og om den moderne busetjinga av Nord-Nigeria. Ho skreiv også fleire artiklar i Encyclopædia Britannica (1911).

Ho døydde 76 år gammal i Surrey.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Flora Shaw» frå Wikipedia på engelsk, den 24. juni 2014.
  • Dorothy O. Helly and Helen Callaway. Shaw, Dame Flora Louisa, Lady Lugard (1852–1929), Oxford Dictionary of National Biography, Oxford University Press (2004)
  • Enid Moberly Bell. Flora Shaw – Lady Lugard DBE, London (1947)
  • Prof. Omo Omoruyi. The origin of Nigeria: God of justice not associated with an unjust political order. (2002)
  • Meyer, Karl and Shareen Brysac. Kingmakers: the Invention of the Modern Middle East, New York/London, W.W. Norton. (2008); ISBN 978-0-393-06199-4
  • Bridget Carrington. «'Good, and lovely, and true': A consideration of the contribution and legacy of Flora Shaw's fiction for children» (A Victorian Quartet: Four Forgotten Women Writers). Lichfield: Pied Piper (2008); ISBN 978-0-9552106-5-5. she was great in mind and objective.
  • Chisholm, Hugh, ed. (1922). «Lugard, Sir Frederick John Dealtry». Encyclopædia Britannica (12th ed.). London & New York.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Flora Shaw ved Wikisource.