The Times

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Times
Times 1788.12.04.jpg
Formattabloidformat
Grunnlagd1785
EigararNews International, News Corporation
Språkengelsk
ISSN0140-0460, 0956-1382, 1363-7746
Nettstadwww.thetimes.co.uk

The Times er ei britisk avis som kjem ut dagleg over heile landet, og som tradisjonelt har vore sett på som svært etterretteleg. Ho blir i dag utgjeven av News International, eit dotterselskap av News Corporation som mediemagnaten Rupert Murdoch eig.

Format[endre | endre wikiteksten]

I over to hundre år kom The Times ut i stort avisformat. I 2004 følgde ho eksempelet til The Independent og bytta til tabloidstorleik.

Opplag[endre | endre wikiteksten]

Avisa hadde i november 2005 eit gjennomsnittleg dagleg opplag på 692 581, ein rekord for den noverande redaktøren Robert Thomson. Dette er høgare enn konkurrenten The Daily Telegraph i laussal, men det totale salet av Telegraph er 905 955 på grunn av rundt 300 000 abonnentar.

«Ekte» tabloidaviser hadde mykje større opplag, størst i England for The Sun med 3 274 855.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Avisa blei grunnlagd i 1785 av John Walter. The Times var den første avisa som sende eigne korrespondentar utanlands, og den første som brukte krigsreportarar. W. H. Russell, som følgde den britiske hæren i Krimkrigen, fekk stor innverknad med stykkene han sende til avisa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: The Times
Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: The Times