Flugefiske

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flugefisking i ei elv

Flugefiske er ei form for sportsfiske utøvd med spesialisert fiskeutstyr: Flugestong, flugesnelle og flugesnøre, med ei kunstig fiskefluge som agn. Ein kan driva med flugefiske i elvar, bekkar, innsjøar og i saltvatn.

Ved flugefiske tek ein utgangspunkt i å etterlikna den naturlege føden til fisken, som insekt og andre byttedyr som småfisk, reker, krabbar og liknande. Insekt ein etterlikner er ofte døgnfluger, men ein kan også ha agn som liknar mygg, steinfluger, vårfluger, maur og augestikkarar. I Noreg finst ein sterk tradisjon for fiske med våtfluge, som ofte imiterer fiskeyngel eller symjande insekt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Flugefiske
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.