Fiskefluge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flugebinding
Fargeplansje B i boka Favorite Flies and Their Histories frå 1892 av Mary Orvis Marbury

Fiskefluge er ein fiskekrok, ongul, som fungerer som agn (lokkemat) under flugefiske ved å vere omgjort til eit kunstig insekt eller anna byttedyr. Til kroken er det festa ulike fargerikt materiale som imiterer vengar, følehorn, kropp og anna. Jamvel imitasjonar av småfisk, reker, krabbar og liknande, kan verte rekna som fluge i denne samanhengen.

Den kunstige fluga skal gjerne karakterisere slike fluger som det aktuelle fiskeslaget beiter på i den aktuelle tida på året. Materiala som vert nytta til å imitere fluger er ofte fjører frå fargerike fuglar, tråd av ulike fargar, og anna kunstig eller naturleg råstoff som er eigna til slikt bruk.

Fiskefluger kan kjøpast ferdige, men mange lager dei sjølv som eit viktig innslag i sportsfisket dei driv. Slik verksemd vert kalla flugebinding; fiskekroken vert festa i ei skrustikke, og fjøra og anna materiale vert surra fast til kroken med tråd. Fluger vert laga både i tradisjonelle standardiserte utformingar med eigne meir eller mindre vidgjetne namn, eller som utgåver som vert hevda å vere godt tilpassa ei konkret elv eller ein særleg fiskeart. Mange eksperimenterer òg med eigne former og materiale, og med fantasi-agn som ikkje liknar naturlege byttedyr.

«Fiskehanar»[endre | endre wikiteksten]

Skilt ved innkøyringa til fiskehanehovudstaden Neuvic med reklame for den nasjonale fiskehanekonkurransen. På skiltet er fisken og hanen gode kameratar.

I Frankrike, der ein kan råke på sportsfiskarar på dei mest uventa stadene, er det lang tradisjon for å ale opp hanar med fargerike fjører som er særs eigna til å lage gode fiskefluger av. Slike hanar vert kalla fiskehanar, coq de pêche. Neuvic i Corrèze i regionen Limousin har utpeika seg sjøl til fiskehanehovudstad, og har arrangert nasjonale årlege tevlingar om kven som kan syne fram den beste fiskehanen. Den noverande fiskehanerasen coq de pêche du Limousin har opphav i ein særs gamal rase som særleg vart halde på gardane i området Haute Corrèze.

Flugefiske er ein fiskemetode som i det sørlege Europa skriv seg frå langt attende i tida. Metoden er ikkje ein relativt moderne britisk oppfinning, som ein kan få inntrykk av i vår tid, ettersom så mange fiskeflugemodellar har fått engelske nemningar, og av di det finst etter måten så mykje eldre litteratur på engelsk om sportsfiske. Dei eldste vitnesbyrda om bruk av hanefjører til kunstig agn er å finne i bokverket Natura Animalium frå 200 e.Kr., skrive av den romerske, greskspråklege historikaren, zoologen og talaren Claudius Aelianus, fødd om lag i år 175 i Præneste, noverande Palestrina nokre mil aust for Roma, og som døydde i Roma ikring år 235. Han skriv om ein makedonsk metode for å fiske «flekkete fisk», truleg aure, med ein fiskekrok dekt av raud ull omgjeve av hanefjører. I det såkalla Astorga-manuskriptet frå 1624, namngjeve etter byen Astorga i León og utgjeve i Spania av Juan de Bergara, er det skildra 33 kunstige fiskefluger av fjører frå hane-rasane Indios og Pardos som vart ala opp i León. Det har vore diskutert om fiskehane-rasane frå León er av same eller eldre opphav enn fiskehanerasen frå Limousin, som til liks med rasane frå León, er ein hanerase som ein ikkje kjenner opphavet til.