Sportsfiske

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sportsfiske i French River i Ontario i 1925.
Sportsfiskar på kaia langs Nidelva i Trondheim
Flugefiske i Křemelná-elva i Tsjekkia

Sportsfiske er fiske som vert drive som fritids- og hobbyaktivitet. Slikt fiske går føre seg både i saltvatn og ferskvatn, frå strand eller svaberg, frå båt eller som isfiske. Fiskereiskapen er til dømes stong med snelle og kastesluk; stong med snelle og snøre for flugefiske; stong med snøre, søkke og krok med naturleg agn (lokkemat); handsnøre frå båt, som til dømes harpe (hekle); pilk; og i vatn med oterfjøl med agn som høver for det fiskeslaget ein vil fange osb.

Dei vanlegaste agna er kunstige, som til dømes kunstig floge, sluk, spinner og pilk, men det vert og nytta naturleg agn som til dømes mark, maggot, bitar av fisk, innmat i blåskjel osb. I Noreg er det forbode å fiske med levande agn som til dømes levande frosk og mindre fisk.

Ei spesiell fangstmetode i sportsfiske er «fang og slepp», der meininga er å sleppe fisken mest mogleg uskadd ut i vatnet att. Sørover i Europa, der talet på sportsfiskarar er høgt i mange vassdrag og vatn, har denne måten å drive sportsfiske på vorte påbode som ein hovudregel fleire stader, og det kan kjøpast reiskap for å få fisken lett av kroken utan å skade han for mykje. Det vert jamvel laga fiskekrokar utan mothake til slikt fiske, og dessutan flogefiskekrokar med auge i staden for den kvasse spissen, slik at fisken lett kan kome seg fri ved eigen hjelp etter å ha bite på. Spotsfiskaren kan soleis seie seg nøgd med opplevinga av at han har narra fisk til å take floga utan å redusere mengda av fisk i elva eller vatnet.

Dei viktigaste sportfiskane i ferskvatn i Noreg er åbor, aure, gjedde, røye, harr, sjøaure og laks. I sjøen vert det fiska mykje etter torsk, sei, makrell og sjøaure.

I Noreg er det med få unnatak ikkje fritt fiske i vatn, elver og bekkar, slik at ein må ha eller skaffe seg løyve før fisket tek til, vanlegvis ved å kjøpe såkalla fiskekort av dei som har rettane. For fiske etter laks kan det ofte vere kostesamt og vanskeleg å få seg løyve.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sportsfiske