Flygaren Jens Müller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jens Müller
331hurricatterickmuller.jpg
Jens Müller framfor eit av Hurricane-flya til 331 skvadron i 1941
Fødd30. november 1917
Død30. mars 1999

Jens Einar Müller (fødd 30. november 1917 i Shanghai, daud 30. mars 1999) var ein norsk flygar under andre verdskrigeng. Han var ein av tre krigsfangar som klarte å rømma frå Stalag Luft III i det som vert kalla «Den store flukta».[1]

Karriere og krigsinnsats[endre | endre wikiteksten]

Müller studerte i Zürich då andre verdskrigen braut ut, men kom seg i mai 1940 til England. Müller var flyinteressert, og hadde fått flysertifikat allereie som attenåring i 1935. Han gjekk likevel gjennom flygaropplæring i det første kullet i Treningsleiren til Flyvåpenet i Little Norway. Etter å ha oppnådd «flygevengen» vart han send til ei engelsk eining for å få trening i operativ flyging, før han vart send til 331 skvadron.

Den 19. juni 1942 deltok fleire flygarar, mellom dei 331 skvadron, i luftstøtta i samband med Dieppe-raidet. Müller vart skoten ned av tyske fly og enda opp i fangeleiren Stalag Luft III nær Żagań i Polen. Natt til 25. mars 1944 klarte 76 fanger å rømma frå leiren. Müller, som blant anna hadde bidrege til flukta ved å konstruera ei pumpe for ventilering av lufta i flukttunnelane, var ein av tre fangar som ikkje vart tekne etter flukta.[2] Som hemn for flukta avretta tyskarane 50 av dei 73 fangane som ikkje kom seg unna, mellom dei nordmennene Halldor Espelid og Nils Jørgen Fuglesang.

Müller og Per Bergsland, den andre nordmannen som kom seg unna, tok seg til Stettin og derfrå vidare til England. Dei hamna begge tilbake i Canada som instruktørar på flyskolen.

Etter krigen byrja Jens Müller i Det Norske Luftfartselskap, der han straks vart kaptein. Han heldt der fram då DNL gjekk over i SAS, fram til han pensjonerte seg i 1977. Han var bror til filmregissøren Nils R. Müller (1921–2007).

Britane heidra han med Militærkrossen for krigsinnsatsen.[3]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Tre kom tilbake (Jens Müller, 1946)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. The Three That Got Away (NOVA)
  2. Mehre, Helge (1982). Spitfire: en beretning om den 132. norske jagerwing i den 2. verdenskrig. Oselo: Universitetsforlaget. s. 101. ISBN 8200062848. 
  3. «Ordensutdeling i den britiske ambassaden», Aftenposten, morgonnummeret 16. januar 1948, s. 3.