Flyndrefisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flyndrefisk
Limanda limanda.jpg
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Infrarike: Deuterostomia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Infrarekkje: Kjevemunnar Gnathostomata
Overklasse: Beinfisk Osteichthyes
Klasse: Strålefinnefisk Actinopterygii
Orden: Flyndrefisk Pleuronectiformes
Linné, 1758

Flyndrefisk (Pleuronectiformes) eller flatfisk er ein orden flate botnfisk som lever i salt-, brakk- og ferskvatn over heile verda. Det finst over 600 artar, dei fleste av desse finn me i Stillehavet. I norske farvatn finst det seksten artar, mellom dei kveite og raudspette.

Flyndrene er kanskje den fiskeordenen som er enklast å kjenna att. Fiskane i gruppa er flattrykt frå sidene, og ligg sidelengs på botnen. Begge augo sit på sida som vender opp, noko som gjev dei ein særs asymmetrisk utsjånad.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Flyndrelarver er opphavleg bilateralsymmetriske, men under utviklinga frå larve til vaksen flyttar det eine auga seg frå den eine sida til den andre. Om det er den venstre eller den høgre sida som vender opp varierer frå familie til familie.

Oversida på ei flyndre er i regelen kamuflasjefarga og svakt avrunda. Undersida er flat og nesten alltid kvit. Augo sit høgare enn resten av kroppen, noko som gjer at fiskane i denne gruppa kan halda oppsyn med kva som skjer rundt dei sjølve når dei ligg nedgravne i sand.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Flyndrefisk