Flytande petroleumsgass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lagringseiningar for flytande petroleumsgass i Bangladesh

Flytande petroleumsgass (ofte forkorta LPG, forkorting for engelsk Liqufied Petroleum Gas) er ei blanding av hydrokarbon som er i gassform ved normalt trykk og normal temperatur. Dei viktigaste gassane er propan og butan. Flytande petroleumsgass kan ved nokre høve vera rein propan, ved andre høve rein butan eller ei blanding av desse to.

Flytande petroleumsgass vert normalt lagra og seld under trykk på stål- eller komposittbehaldarar. Her er dei under så kraftig trykk at dei vert flytande.

Flytande petroleumsgass vert mellom anna nytta som drivstoff for køyretøy. Flytande petroleumsgass er rekna som eit «grønt» drivstoff, sidan det gjev relativt lite utslepp i eksos. Gaffeltruckar som vert nytta innandørs, som til dømes i lagerbygningar, vert vert ofte køyrde på LPG. På enkelte bensinstasjonar kan ein få kjøpt flytande petroleumsgass.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]