Flytedokk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Flytedokk med skip ved Bergen Mekaniske Verksted AS på Laksevåg i Bergen i 2010.

Flytedokk er ein dokk lagd som ei flytande plattform for å heve skip opp av sjøen når det skal gjerast vedlikehald og reparasjonar på dei delene av skipet som elles er under vatnet. Vasstankar i botn og veggar på flytedokken vert fylte med vatn for at dokken skal søkkje langt nok ned i sjøen til at skipet kan segle inn på plattforma. Deretter vert plattforma heva ved at tankane tømmast for vatn, slik at heile skipet står høgare enn vassflata utanfor, og arbeidet kan gjerast. Når arbeidet er gjort, vert dokken senka til skipet flyt og kan segle ut att.