Dokk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Teikning som syner prinsippa for tørrdokk (øvst) og flytedokk.
Skip i flytedokk i Hamburg.
Skip i tørrdokk i Antwerpen.

Dokk (frå nederlandsk dok) er eit anlegg eller ei innretning der ein kan føre skip og liknande heilt opp av vatnet for å gjere reparasjonar, ettersyn, botnskraping og maling av dei delane av skipet som elles er under vatn. Det er to hovudtypar av dokkar, tørrdokk og flytedokk. Ein tørrdokk er eit utgreve basseng på land med botn djupare enn sjøoverflata utanfor, slik at skipet kan segle gjennom ein port inn i den vatnfylte dokka. Deretter vert porten lukka attom skipet, vatnet pumpa ut, så skipet vert ståande på botn og støtta opp, og arbeidet på skipet kan taka til. Ein flytedokk er ei plattform utstyrt med vasstankar i botn og veggar og plassert flytande i sjøen. Tankane vert fylt med så mykje vatn at dokken søkk langt nok ned i sjøen til at skipet kan segle inn på plattforma. Deretter vert plattforma heva ved at tankane tømmast for vatn, slik at heile skipet står høgare enn vassflata utanfor, og arbeidet kan gjerast.

Eit skip i tørrdokk (nedst) og i nedsenka flytedokk (det øvre av dei tre til høgre) på Akers mekaniske Verksted i Oslo i 1957.

I tillegg vert nemninga dokk òg nytta om hamner som kan stengjast av mot sjøen utanfor med ein vasstett port for å halde vasstanden i hamnebassenget på eit etter måten konstant nivå i område med stor tidvasskilnad. Såleis kan skipa verte fortøyd, lossa og lasta utan å verte påverka av vekslingane mellom flo og fjøre, som på sine stader kan vere på fleire meter. I slik hamner vil det vanlegvis berre vere mogleg å segle inn og ut på dei tidene av døgeret då det er flo sjø.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]