Folk och Rackare

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Folk och Rackare var ei av dei viktigaste gruppene innan svensk folkemusikk på 1970-talet, og er ei av dei gruppene som har betydd mest for dagens svenske folkemusikk. Folkemusikkbylgja på 1970-talet i Sverige fokuserte på spelemannsmusikk, men Folk och rackare framførte folklege viser og mellomalderballader, med musikalsk innramming først og fremst frå den britiske folkrocken og den svenske folkemusikken.

Carin Kjellman møtte Ulf Gruvberg på ein folkemusikkfestival i 1970, og dei begynte å spela musikk saman. Dei gav ut den første plata si Med rötter i medeltiden i 1974. På Folk och Rackare frå 1976 var spelemannen Kalle Almlöf og den norske folkemusikaren Jørn Jensen med som gjestemusikarar, Jørn blei etter dette fast medlem i gruppa. Då Trond Villa, som tidlegare hadde spelt med Jørn i Folque, ei velkjend norsk folkrockgruppe, kom med i bandet i 1976 var den kvartetten som kom til å bli det eigentlege Folk och rackare danna. Gruppa spelte mest i Sverige og framførte tradisjonelt materiale, først og fremst på svensk. Gruppa vert difor stort sett sett på som svensk, trass i at halvparten av medlemene var norske. Men gruppa framførte òg enkelte norske songar og melodiar, som Halling etter Knut Dale og Haugebonden på plata Rackarspel.

Blandninga av musikarar frå ulike land vart sett som sensasjonell i folkmusikkretsane på den tida, men gruppa var fleirkulturell på fleire måtar òg. Britiske folkrockband som Fairport Convention og Pentangle var ei stor inspirasjonskjelde. Då Carin Kjellman forstod at den typen songmateriale desse gruppene framførte også fanst i Sverige, begynte ho å grava i arkiva etter gamle svenske nedteikningar. Ho vart møtt med ein viss skepsis av dei som ikkje ville sjå materialet forvanska og kommersialisert. Folk och rackare spelte så godt som utelukkande tradisjonelt materiale, men dei var ikkje framande for å, til dømes, kombinera musikk og tekstar som truleg slett ikkje hadde høyrd saman opphavleg, eller for å slå saman ulike versjonar av same song frå ulike trakter, til ein. Plata Stjärnehästen frå 1981 er ei av gruppa sine best kjende og består av tradisjonelt jule- og staffansmateriale. På sluten av 1970-talet opplevde gruppa ein viss internasjonal framgang og turnerte over heile Europa.

Plata Rackbag frå 1985 kom til å bli gruppa si siste. To nye medlemer hadde då vorte med, Affe Byberg på trommer og Olle Westbergh på synt. Ikkje heile gruppa var nøgd med denne tilveksten, noko som var ein av grunnane til at gruppa vart oppløyst i 1986. Same året som gruppa vart oppløyst spelte Carin Kjellman inn ei soloplate på plateselskapet Amalthea, ei plate som var mindre folk og meir rock. Ulf Gruvberg kom til å jobba på radio mellom anna med live-musikksendingar, han var òg produsent for Hedningarna sitt store gjennombrot Kaksi!. I 1996 vart gruppa samla att for ein serie konsertar på festivalar i Danmark og Sverige.

Mellom dei mange musikarane frå 1990- og tidleg 2000-tal som har vorte inspirerte av gruppa finst gruppa Garmarna, som har spelt inn fleire av dei låtane som vart lanserte av Folk och rackare, og gruppa Ranarim med mellom andre Sofia Sandén och Ulrika Bodén. Også Lena Willemarks måte å handtera ballader på er klart påverka av Folk och rackare.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Med rötter i medeltiden, 1974, som Carin Kjellman & Ulf Gruvberg
  • Folk och Rackare, 1976
  • Rackarspel, 1978
  • Anno 1979, 1979
  • Stjärnhästen, 1981
  • Rackbag, 1985
  • 1976 - 1985, samleplate

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Progg.se
  • Heftet till CDen 1976 - 1985
  • Nationalencyklopedin, oppslagsordet Folk & Rackare
Denne artikkelen starta med ei omsetjing frå svensk wikipedia den 2. april 2008.