Folkerepublikken Zanzibar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Folkerepublikken Zanzibar
Flag of the Sultanate of Zanzibar (1963).svg
1964 Flag of Tanzania.svg

Flagget til Zanzibar

Flagg

Hovudstad Zanzibar by
Religion Islam
Styreform Republikk
President
 - 1964 Abeid Karume
Historie
 - Revolusjonen på Zanzibar 12. januar 1964
 - Slege saman med Tanganyika 26. april 1964
I dag ein del av Tanzania

Folkerepublikken Zanzibar var ein kortliva sjølvstendig stat i Aust-Afrika som fanst frå januar til april 1964. Staten vart oppretta då revolusjonen på Zanzibar avslutta Sultanatet Zanzibar, og eksisterte berre i tre og ein halv månad før staten vart slegen saman med nabolandet Tanganyika og danna den nye staten Den sameinte republikken Tanganyika og Zanzibar, som skifta namn til Tanzania seinare same år. Namnet «Tanzania» kjem frå Tanganyika og Zanzibar. Abeid Karume var president i kraft av å vere leiar av revolusjonsrådet på Zanzibar, og heldt fram som president på Zanzibar òg etter samanslåinga.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]