Tanganyika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om det tidlegare landet. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Tanganyika (fleirtyding).
Tanganyika
Flag of Tanganyika (1919-1961).svg
19611964 Flag of Tanzania.svg
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Nasjonalsong
Mungu ibariki Afrika
Hovudstad Dar-es-Salaam
Språk Swahili
Engelsk
Styreform Samvelderike (1961–1962)
Republikk (1962–1964)
Statsoverhovud
 - 1961–1962 Elisabeth II
 - 1962–1964 Julius Nyerere
Guvernør
 - 1961–1962 Richard Gordon Turnbull
Statsminister
 - 1961–1962 Julius Nyerere
 - 1962 Rashidi Kawawa
Historie
 - Uavhengig frå Storbritannia 9. desember 1961
 - Republikk 9. desember 1962
 - Slege saman med Zanzibar 26. april 1964
Valuta Austafrikansk shilling
I dag ein del av Tanzania

Tanganyika var ein sjølvstedig stat i Aust-Afrika som fanst frå 1961 til 1964. Han vart oppretta 9. desember 1961, då Tanganyikaterritoriet vart uavhengig frå Storbritannia. I byrjinga var Tangayika eit samvalderike med dronning Elisabeth II av Storbritannia som statsoverhovud, men nøyaktig eitt år seinare vart landet til ein republikk. Julius Nyerere, som hadde vore statsminister i både Tanganyikaterritoriet og Tanganyika under Elisabeth II, vart den fyrste presidenten i den nye republikken. Tanganyika vart ein kortlevd stat, for då Folkerepublikken Zanzibar vart sjølstendig i januar 1964 vart det semje om å slå saman dei to statane. Unionsartiklane vart underskrive under 22. april same år, og 26. april vart dei to landa slege saman til Den sameinte republikken Tanganyika og Zanzibar.[1] Dette nye landet skifta namn til Den sameinte republikken Tanzania 29. oktober 1964. «Tanzania» er eit samantrekt namn frå Tanganyika og Zanzibar.

Tanganyika grensa til Indiahavet i aust, Portugisisk Mosambik, Nyasaland og Nord-Rhodesia i sør (frå 1953 til 1963 var dei to sistnemnde del av Føderasjonen Rhodesia og Nyasaland), Tanganyikasjøen (med Republikken Kongo, som frå august 1964 heitte Den demokratiske republikken Kongo, på den andre sida av sjøen), Ruanda-Urundi (som i 1962 vart til dei to uavhengige landa Rwanda og Burundi) i vest, og til Ugandaprotektoratet (som vart sjølvstendige Uganda i 1962) og Kenyakolonien (som vart sjølvstendige Kenya i 1963) i nord.

Referansar[endre | endre wikiteksten]