Fondi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fondi-borga er frå 1300-talet

Fondi er ein by og ein kommune i provinsen Latina i regionen Lazio i Italia. Kommunen har 39 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 142,2, km². Byen ligg i ein dal ved foten av Auruncifjella og Ausoni-fjella, 8 moh ved Tyrrenhavet, 117 km søraust for Roma.

Dei gode klimatiske tilhøva og rikeleg tilgang på vatn har lagt til rette for intensiv utnytting av landarealet til produksjon av matvarer. Det lokale næringslivet er såleis i stor grad vendt mot landbruk. Fondi er verdas nest største handelsplass for ulike næringsmidlar, berre Paris er større. Kvart år vert omsett ca 1,15 millionar tonn varer. Dyrkinga av sitrusfrukter var lenge dominerande, i dei seinare åra har ein satsa mykje på dyrking av ulike grønsaker og frukter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]