Sitrusfrukt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frukt, blome og lauv av appelsin
Nokre tversnitta sitrusfrukter

Sitrusfrukt er nemninga på ei planteslekt med dekkfrøplantar som høyrer til rutefamilien. Planteslekta omfattar artar som sitron, appelsin, klementin, grapefrukt og mandarin.

Ein reknar med at sitrusfrukt opphavleg voks i eit landområde i Søraust-Asia, avgrensa til Nordaust-India, Myanmar og Yunnan-provinsen i dagens Kina. Sitrusfrukta har sidan tidlege tider vorte kultivert til stendig fleire plantetypar; appelsinar, sitronar, grapefrukt og lime er dei mest kjende døma.

Det nøyaktige talet på naturlege artar er uklart, då mange av dei namngjevne artane er hybridar som har formeira seg gjennom frø. Dessutan finst genetisk prov for at også nokre artar som formeirar seg i vill tilstand, opphavleg var hybridar. Kultiverte sitrusfrukter kan stamme frå så få som fire stam-artar. Naturlege og kultiverte originalhybridar omfattar viktige handelsvarer som appelsinar, grapefrukt, sitronar, lime og nokre mandarinar.

Namnet på frukta har sitt opphav i latin, der det viste til planta kjend som sitron (Citrus medica). Ordet er avleidd det gammalgreske ordet for sedar, κέδρος (kédros); noko som luktar godt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]