Fonologisk trekk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit fonologisk trekk er ein fonologisk eigenskap eller eit fonologisk særdrag ved ei fonologisk eining av einkvan storleik. Typisk er det vokalar og konsonantar (det vil seie fonologiske segment) som blir karakteriserte ved hjelp av fonologiske trekk, som når vi seier at det norske fonemet /k/ har dei fonologiske trekka [ustemd], [dorsal] og [plosiv]. I fleire fonologiske teoriar reknar ein med at også større einingar kan ha eit trekk sams; sjå avsnittet Prosodiske trekk nedanfor.

To typar fonologiske trekk[endre | endre wikiteksten]

Ein skil ofte mellom fonologiske trekk av to typar:

  1. Distinktive fonologiske trekk
  2. Ikkje-distinktive fonologiske trekk (også kalla fonetiske trekk)

Dei distinktive trekka til eit fonem F i språk S er dei fonologiske trekka som skil F frå andre fonem i S. Det søraustlandske fonemet /k/ kan nettopp seiast å ha dei distinktive trekka [ustemd], [dorsal] og [plosiv]:

  • Det er [ustemd] som skil /k/ frå /ɡ/, som har dei distinktive trekka [stemd], [dorsal] og [plosiv].
  • Det er [dorsal] som skil /k/ frå /p/, som har dei distinktive trekka [ustemd], [labial] og [plosiv].
  • Det er [plosiv] som skil /k/ frå /ç/, som har dei distinktive trekka [ustemd], [dorsal] og [frikativ].

Dei ulike allofonane av eit fonem F deler typisk dei distinktive trekka til F, men det er skilde frå kvarandre med eitt eller fleire ikkje-distinktive eller fonetiske trekk. Det søraustlandske fonemet /k/ har mellom anna allofonane [k], [kʰ], [c] og [cʰ], som alle har trekka ustemd], [dorsal] og [plosiv], men dei har nokre ikkje-distinktive trekk i tillegg, som desse:

  • [k] er i tillegg [velar] og [uaspirert].
  • [kʰ] er i tillegg [velar] og [aspirert].
  • [c] er i tillegg [palatal] og [uaspirert].
  • [cʰ] er i tillegg [palatal] og [aspirert].

Prosodiske trekk[endre | endre wikiteksten]

Fleire fonologiske teoriar postulerer at også større einingar enn det fonologiske segmentet kan dele fonologiske trekk. Slike trekk blir kalle prosodiske, suprasegmentale eller autosegmentale; jamfør artikkelen Autosegmental fonologi.