Fontenay-sous-Bois
Fontenay-sous-Bois | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Region Departement |
Frankrike Île-de-France Val-de-Marne |
Geografi | |
Flatevidd - By |
5,58 km² |
Innbyggjarar - By (2005) - folketettleik |
51 100 9 158/km² |
Koordinatar | Koordinatar: |
Diverse anna | |
Heimeside: www.fontenay-sous-bois.fr |
Fontenay-sous-Bois er ein kommune i dei austlege forstadane til Paris i Frankrike. Han ligg 9,3 km frå Paris sentrum, men har eigen bystatus og like over 50 000 innbyggjarar.
Namn[endre | endre wikiteksten]
Namnet Fontenay kjem frå det mellomalderlatinske ordet Fontanetum, som tyder «kjeldene» etter det latinske ordet fontana («naturleg kjelde»).
Kommunen har gått under fleire namn, som Fontenay-les-Bois (som tyder «Fontenay ved skogen»), Fontenay-sur-le-Bois (som tyder «Fontenay overfor skogen») eller Fontenay-sous-Bois (som tyder «Fontenay nedanfor skogen»), men tidleg på 1800-talet vart namnet fastsett til Fontenay-sous-Bois. Skogen det vert refertert til er Bois de Vincennes.
Historie[endre | endre wikiteksten]
I 1929 mista kommunen Fontenay-sous-Bois meir enn ein tredjedel av områda sine då byen Paris annekterte Bois de Vincennes, ein stor del som høyrte til Fontenay-sous-Bois.