Forbrukar- og administrasjonsdepartementet
Forbrukar- og administrasjonsdepartementet er eit tidlegare norsk departement.
Departementet vart oppretta den 8. mai 1972, under Regjeringa Bratteli I.
Departementet kom for ein stor del i staden for Familie- og forbrukardepartementet, som vart lagt ned samtidig. Inger Louise Valle, som hadde vore statsråd i Familie- og forbrukardepartementet vart den første statsråden i det nyoppretta Forbrukar- og administrasjonsdepartementet.
Departementet vart lagt ned under Regjeringa Syse, den 31. desember 1989. Frå 1. januar 1990 vart familie- og forbrukarsakene behalde i det nye Familie- og forbrukardepartementet. Og frå same dag vart administrasjonssakene saman med arbeidssakene frå Kommunal- og arbeidsdepartementet ført over til det nyoppretta Arbeids- og administrasjonsdepartementet.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Departementet har fleire gongar skifta namn og delvis oppgåver.
- Familie- og forbrukardepartementet 21. desember 1956 - 7. mai 1972
- Forbrukar- og administrasjonsdepartementet 8. mai 1972 - 31. desember 1989
- Familie- og forbrukardepartementet 1. januar 1990 - 31. desember 1990
- Barne- og familiedepartementet 1. januar 1991 - 31. desember 2005
- Barne- og likestillingsdepartementet 1. januar 2006-
Sjå også
[endre | endre wikiteksten]Norske forbrukar- og administrasjonsministrar