Parlamentarisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ulike styresett

Lista er sortert alfabetisk.

Parlamentarisme er ei styreform som tyder at regjeringa må ha tillit frå fleirtalet i nasjonalforsamlinga for å kunne bli sitjande. I Noreg har me hatt parlamentarisme som styreform sidan 1884. Det vart Venstre i Noreg, med Johan Sverdrup i spissen, som innførte parlamentarismen. Dei fleste europeiske land og mange demokrati over heile verda har parlamentarisme, men ikkje til dømes USA og Russland.

Parlamentarisme tyder at den utøvande makta, regjeringa, ikkje kan ha negativt fleirtal i den lovgivande og løyvande nasjonalforsamlinga, parlamentet. Dette kjem av at det berre er parlamentet som har direkte demokratisk legitimitet, sidan det er den einaste styremakta som er demokratisk folkevald gjennom frie val. Difor lyt regjeringa omveges henta sin legitimitet frå parlamentet ved at parlamentet har tillit til henne. I eit parlamentarisk system må ei regjering og ein regjeringssjef gå av dersom eit fleirtal i det folkevalde parlamentet vil det, til dømes ved eit mistillitsframlegg. Ei mindretalsregjering kan òg truga med å gå av ved kabinettspørsmål, noko som kan vera effektivt dersom opposisjonen i parlamentet er kløyvd. I dei aller fleste parlamentariske land, utanom Noreg, har regjeringssjefen høve til å løysa opp parlamentet og lysa ut nyval. Såleis har dei parlamentariske systema ei hjelperåd for handa dersom dei skulle hamna i ei parlamentarisk stoda der det ikkje er noko styringsført eller samarbeidsviljugt fleirtal i parlamentet som kan skipa eller støtta opp om ei regjering.

Presidentar i parlamentariske republikkar har ofte inga røynleg politisk makt, men berre ei symbolsk og seremoniell stilling, lik ein konstitusjonell monark. Presidenten er ofte indirekte vald av parlamentet, slik som til dømes i Tyskland, Italia og Israel. I andre parlamentariske republikkar er presidenten òg direkte folkevald, til dømes i Portugal, Island og Kroatia. Parlamentarisme finn me i mange demokrati, både er republikkar og konstitusjonelle monarki, særskilt i Europa. Såleis alle dei nordiske landa, uansett om dei har konge eller president som statsoverhovud.

Eit alternativ til parlamentarisme er presidentstyre, eller presidentialisme, der presidenten og hans administrasjon, som er den utøvande makta, ikkje kan avsetjast av den lovgjevande makta, i og med at båe har kvar for seg sin direkte demokratiske legitimitet frå demokratiske val. Såleis til dømes USA. Der er det altså ikkje parlamentarisme. Attåt dette finst noko me kallar semipresidentialisme, der både president og parlament er direkte valde, men presidenten har nokre særlege rettar, til dømes vetorett og oppløysingsrett. Dette slaget demokrati finn me i land som Irland, Finland og Frankrike.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Parlamentarisme i norske kommunar


Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!