Formannskapslovene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Formannskapslovene var to norske lover som vart vedtekne 23. og 24. november 1836 og sanksjonerte av Kongen den 14. januar 1837.[1] Med formannskapslovene vart folkevalde styringsorgan introdusert både i fylka (amta) og kommunane (formannskapa).

Formannskapet[endre | endre wikiteksten]

Lovene la den kyrkjelege administrative inndelinga til grunn for organiseringa av lokalstyret, difor vart det ofte eit formannskap i kvart prestegjeld. Bestod eit prestegjeld av fleire sokn, skulle kvart av desse velje sine formenn og representantar. Formannskapslovene av 1837 vart seinare avløyst av nye kommunelover som vart vedtekne i åra 1921, 1938 og 1954.

Seinare på 1800-talet vart det vanleg å kalle formannskapa for herad og på 1900-talet vart kommune det vanlegaste omgrepet.

Amtet[endre | endre wikiteksten]

Allereie ved lova av 1837 fekk landkommunane sitt «amtsformannskap.» Amtstinget, som det snart vart heitande, sett saman av ordførarane frå kommunane i amtet. Frå 1850-talet fekk amtskommunane nye store oppgåver, som ansvar for sjukehusa, dei vidaregåande skulene og vegtilsynet i amtet. I 1919 endra amtstinget namn til fylkesting, men valordninga til fylkestinget var i det vesentlege uendra frå fylkesdemokratiet vart innført i 1838 og fram til valet i 1964: Fylkestinget var og samansett av ordførarane i heradskommunane.

I 1961 kom ei eiga lov for fylkeskommunane. Fra 1963, då denne nye fylkeskommunelova tok til å gjelde, kom også byane med i fylkeskommunen, og fylkestingsrepresentantane vart frå då av valde av kommunestyra. I 1976 vart direkteval til fylkesting innført. I 1992 vart det vedteke ei felles lov for kommunar og fylkeskommunar. Denne vert ofte kalla kommunelova.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]