Formgjeving

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Døme på formgjeving: Stuhl nr. 1 frå 1859 av den tyske møbelformgjevaren Michael Thonet (1796-1871). Thonet vert rekna som ein føregangsmann i formgjeving av industriprodukt.

Formgjeving eller design er ei nemning som nyttast om utsjånaden og fasongen på ein gjenstand eller eit trykt skrift som er eller skal verte framstilt industrielt eller som handverk, og knyter seg til slike eigenskapar ved produktet som form, konturar og linjeføring, farge, grafiske symbol, typografiske skrifttypar, ornamentering, struktur og materiale. God formgjeving gjev seg til kjenne ved at produktet er funksjonelt og dessutan estetisk tiltalande.

Omgrepet formgjeving er no vorte bytt ut med det engelskklingande og internasjonalt kjente omgrepet design i dei fleste samanhengar. I og for seg dekkjer omgrepet både sjølve skapinga av gjenstanden, altså prosessen med å finne fram til korleis gjenstanden skal sjå ut, kva han skal vere laga av etc, og resultatet av denne prosessen. Men i praksis er det fyrst og fremst resultatet som ein siktar til med omgrepet, då resultatet vil kunne vernast dersom det er av ein slik art at det kan registrerast i samsvar med særlege lovreglar, eventuelt er verna utan vidare etter lover og reglar om opphavsrett til eige åndsverk.

I Noreg er det gjeve ei særleg lov om vern av resultata av formgjevingsprosessen: Lov om beskyttelse av design (designloven), 14. mars 2003 nr 15. Liknande lover finst i andre land. For at formgjevinga skal kunne vernast, krevjast det mellom anna at formgjevinga er ny, at formgjevinga er av individuell karakter, og at det ikkje berre er dei tekniske vilkåra som har gjeve grunnlaget for den utsjånaden produktet har fått.

Omgrepa formgjeving eller design vert ofte nytta innan industri og kunstindustri, grafisk verksemd, kunsthandverk, arkitektur, til dømes i samansettingar som klesdesign, møbeldesign, industridesign, grafisk formgjeving eller design og så bortetter.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]