Typografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lause einskildbokstavar som vart sett saman til boksider, var Gutenbergs oppfinning. Her ligg det lause bokstavar støypte i bly i settekassa, som har særskilde rom for kvar si bokstav, som er støypte i fleire eksemplar. Oppå kassa er synt korleis dei er sett saman til ord og setningar i liner for å kunne trykkjast.

Typografi er eit omgrep for utforminga av skrift, bokstavar og andre grafiske element i trykte skrift som til dømes bøker og aviser, eller når dei på anna måte inngår i ein tekst som synast fram. Omgrepet femner om utforminga av skrifttypar og storleiken på dei i teksten, lenga av kvar av linene i teksten og storleiken på avstanden mellom dei, formatet på tekstsida, kvaliteten på papiret, bruken av fargar og dessutan sjølve trykkjeteknikken. I det store og heile dreier det seg om korleis dei trykte sidene skal utformast, mellom anna for å verte lette å lese eller for å gje det inntrykket ein er ute etter å formidle. Personar som har opplæring og kunnskap om dette i fagleg samanheng, vert kalla typografar.

Faget typografi oppstod som eit handverk då ein på 1400 - 1500-talet fann fram til kunsten å trykkje bøker, fyrst med treplater der bokstavane var utskorne i heile sider som vart sverta inn og prenta, seinare ved at kvar av sidene vart sett saman av bokstavar utskorne på kvar si lause blokk, slik Johann Gutenberg kom fram til. I vår tid har digitale hjelpemiddel teke over, og typografane sit no framføre datamaskinar.