Formia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Formia

Formia er ein hamneby og ein kommune i provinsen Latina i regionen Lazio i Italia. Kommunen har 38 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 74,2 km².

Byen ligg 134 km søraust for Roma ved Gaetabukta og Tyrrenhavet. Grannebyen Gaeta ligg berre seks kilometer lenger nord. Den gamle hovudvegen frå Romarriket si tid, Via Appia, er innom Formia og leiar til høvesvis Fondi og Minturno.

Turisme og fiskeri er hovudnæringar i Formia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]