Formstøyping

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Formstøypt bronsestatue av eit eple. Prosessen er vist under teksten.

Formstøping, fransk cire perdue, engelsk lost wax, tysk feinguss, er ein støypeteknikk der støypeforma vert øydelagt etter støypinga for å få ut gjenstanden.

Først vert det laga ein voksmodell av den figuren som skal støypast. Denne voksmodellen vert støypt inn i gips. Når gipsen har stivna, kan gipsforma med voksmodellen inni varmast opp slik at voksen smeltar og renn ut. Deretter vert smelta metall helt inn i hulrommet der voksmodellen var. Når metallet har størkna, er figuren ferdig.

Gips kan berre nyttast ved støyping av metall med låg smeltetemperatur, til dømes bronse eller gull.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]