Støyping

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Støyping av kunstgjenstandar.
Foto: Jean-Pol Graddmont
.
Bronselur frå bronsealderen, støypt etter à cire perdue-metoden, funne i Danmark.

Støyping er ein produksjonsmetode som går ut på å lage gjenstandar ved å helle flytande materiale inn i tilforma holrom omslutta av eit anna høveleg materiale, ei såkalla støypeform, og late det størkne eller herde i forma, slik at gjenstandane har fått same skapnad som holrommet når dei vert tekne ut or forma.

Støyping vert nytta i industriproduksjon og i kunstnerisk verksemd for å lage eit eller fleire like eksemplar av ein gjenstand i det same materialet som originalen, eller som oftast i eit heilt anna materiale. Ved å nytta ein gjenstand av same eller eit anna materiale i den same storleiken, vert forma laga i samsvar med visse metodar, alt etter kva materiale som skal støypast og kva type form som skal lagast. I til dømes skipsbyggingsindustrien vert propellar støypte i legeringar av metall etter originalar, modellar, laga av tre, og skulptørar støyper til dømes sine skulpturar i bronse etter originalar i gips.

Støyping av metallgjenstandar krev at metallet er oppvarma til flytande tilstand for å kunne hellast i forma. Støypejern, stål, aluminium, messing, sink og bronse er dei mest vanlege metalla som vert nytta til støyping. Plast kan òg støypast. Ein type plast vert oppvarma under støypinga, men elles kan plast støypast uoppvarma ved at det er tilsett emne som får plasten til å herde til rett fastleik etter ei tid i forma. Betong og gips herder på liknande vis i forskalinga eller forma som fylgje av den reaksjonen som det tilsette vatnet set i gang i den flytande betong- eller gipsblandinga. Sjokoladeplater er døme på eit næringsmiddel som vanlegvis vert forma ved å støypast.

Teknikkar for støyping av bronse har vore kjent heilt sidan bronsealderen tok til på dei ulike stadene; somme stader jamvel tidlegare i form av koparstøyping. Den vanlege støypeteknikken i bronsealderen har fått nemninga formstøyping eller à cire perdue, som er fransk for tapt voks, då holrommet som forma gjenstanden inne i støypeforma vart laga av bivoks som vart fjerna ved å varme opp forma så voksen vart flytande og rann ut. For til dømes å støype dei sylindriske delane til ein bronselur, laga støyparen fyrst ein masiv leiremodell av gjenstanden, dekte denne modellen med bivoks, og laga deretter ei form av leire ikring det heile, men med naudsynte kanalar frå modellen og ut. Ved å brenne denne leireforma på bålet, rann voksen ut medan leira vart hard. Holrommet som oppstod etter voksen, vart fylt med flytande bronse, og forma slege i sund etter at bronsen var størkna. Slik vart det til dømes støypt bronselurar med etter måten tynne veggar, som dei bronselurane som vart funne i ei myr på Revheim i Stavanger kommune i Rogaland i si tid.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Støyping