Forrest Gump

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Forrest Gump er tittelen på ein roman frå 1985, skriven av Winstoon Groom, og ein film med same namn frå 1994. Forteljinga handlar om Forrest Gump som trass i avgrensa intelligens oppnår å verte toppidrettsmann, krigshelt og framgangsrik forretningsmann, sjølv om det han eigentleg vil er at den store kjærleiken hans, Jenny, skal ha det bra.

Filmen om Forrest Gump skil seg frå boka i stor grad. Han skildrar livet til ein enkel mann i møte med viktige historiske hendingar og personar. Filmen blei regissert av Robert Zemeckis med Tom Hanks i hovudrolla. Han vann til saman 6 Oscar-statuettar, mellom andre for beste film, beste mannlege skodespelar og beste regissør, men også for beste filmmusikk. Filmmusikken vart komponert av Alan Silvestri. I Noreg fekk filmen Amandaprisen for beste utanlandske film. Den norske omsetjinga av boka, gjort av Torstein Bugge Høverstad, kom ut på norsk på Hjemmets bokforlag same året som filmen.

Personar[endre | endre wikiteksten]

  • Forrest Gump sjølv (spela i filmen av Michael Conner Humphreys som barn og Tom Hanks som vaksen) er ein litt tilbakeståande gut med krum rygg, men eit stort hjarte. Han har låg intelligens, men er svært skarp i nokre høve. Han blir mobba og utstøytt av dei andre normale ungane bortsett frå Jenny. Omsorgsfull ovanfor vennane sine, spesielt Jenny, som er hans store kjærleik.
  • Mrs. Gump (Sally Field) er mora til Forrest. Ho oppdreg han til å ikkje la nokon fortelja han at dei er betre enn han.
  • Jenny (Hanna R. Hall og Robin Wright Penn) er ei søt lita jente som blir sjarmert av Forrest sin særeigne veremåte. Ho passar på Forrest gjennom hele livet og omvendt.
  • Bubba (Mykelti Williamson) blir Forrest sin bestevenn når dei møter kvarandre i militæret. Han lærer Forrest alt som er om rekefisking.
  • Dan Taylor (Gary Sinise) er sjef og læremeister for Forrest i militæret. Han mister begge beina i kamp.