Forskingsetikk
Forskingsetikk handlar om dei etiske prinsippa forskarar må halda seg til ved utføring av vitskapleg aktivitet. Det omfattar mellom anna planlegging og gjennomføring av eksperiment på menneske og dyr, lovregulering av genetisk forsking og bioteknologi og dessutan førebygging av forskingsjuks og plagiering innan forsking.
Omsyn
[endre | endre wikiteksten]Deltakarane i forskingsprosjekt skal vera friviljug og som regel med skriftleg samtykke. Det skal også vera anonymitet og teieplikt for alt sagt og gjort av deltakarane i forskingsprosjektet. Forskinga skal også vera objektiv og nøytral (utan å vinkla forskinga).
Grunnlag
[endre | endre wikiteksten]Forskingsetikken innan medisinsk forsking er basert på Nürnbergkodeksen (utvikla i samband med Legeprosessen i 1947) og Helsinkideklarasjonen frå 1964.[1][2][3][4][5][6]
Norske lover
[endre | endre wikiteksten]I Noreg er forskingsetikken regulert igjennom Lov om organisering av forskningsetisk arbeid (forskningsetikkloven),[7] og Lov om medisinsk og helsefaglig forsking (helseforskningsloven).[8] Desse lovene vert forvalta av Dei nasjonale forskingsetiske komiteane og De regionale komiteer for medisinsk og helsefaglig forskingsetikk.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ WEINDLING, PAUL (2001). «The Origins of Informed Consent: The International Scientific Commission on Medical War Crimes, and the Nuremberg Code». Bulletin of the History of Medicine. 1. 75: 37–71. ISSN 0007-5140. Henta 2022-10-03.
- ↑ «Nürnbergkodeksen» (på norsk bokmål). 2009-05-05. Henta 2022-10-03.
- ↑ Weisleder, Pedro (2022-01-01). «Leo Alexander's Blueprint of the Nuremberg Code». Pediatric Neurology (på engelsk). 126: 120–124. doi:10.1016/j.pediatrneurol.2021.10.015. ISSN 0887-8994. PMID 34844134. Henta 2022-10-02.
- ↑ Alexander, L. (1976). Ethics of human experimentation. Psychiatric Journal of the University of Ottawa. 1(1-2), 40–46.
- ↑ «Integritet i klinisk forskning | Den norske tannlegeforenings Tidende» (på norsk bokmål). 2010. doi:10.56373/2010-4-11. Henta 2022-10-03.
- ↑ Helsinkideklarasjonen
- ↑ «Lov om organisering av forskningsetisk arbeid (forskningsetikkloven) - Lovdata», lovdata.no, henta 2023-05-06
- ↑ «Lov om medisinsk og helsefaglig forskning (helseforskningsloven) - Lovdata», lovdata.no, henta 2023-05-06
- Denne artikkelen bygger på «Forskningsetikk» frå Wikipedia på bokmål, den 6. mai 2023.